Politikk og samfunn

«Barn bør sleppe lekser!»

Når vi vaksne kjem heim frå jobb, er det ingen som forventar at vi set oss ned i timevis med heimelekser, skriv Simen Bondevik.

Simen Bondevik (25)
Sentralstyremedlem i partiet Sentrum
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg gjekk på skulen var det null problem for meg å gjere leksene vi fekk. Eg var skuleflink og hadde foreldre som stilte opp heime. Det heile var vanlegvis unnagjort på ti minutt.

Litt vanskelegare var det for ein av klassekameratane mine som hadde lærevanskar og foreldre som ikkje hadde ressursane til å stille opp i like stor grad. Han blei sittande i fleire timar med dei same oppgåvene og fekk inga meistringskjensle – tvert imot.

Skulen skal vere ein stad som gir alle elevar like moglegheiter til å lukkast, uavhengig av kva utgangspunkt ein har og kor ressurssterke foreldra er.

Diverre fører heimelekser til at det stikk motsette skjer. Dei sosiale skilnadene som alt finst, blir forsterka. Det er grunnleggjande urettferdig, og noko barn på barneskulen bør sparast for.

Partiet Sentrum vil at barneskulen i hovudsak skal vere leksefri.

Etter at skuledagen er slutt, bør barna få tid til å vere med vener og familie, leike, kvile og delta på fritidsaktivitetar.

Når vi vaksne kjem heim frå jobb, er det ingen som forventar at vi set oss ned i timevis med heimelekser. Kvifor stiller vi då den forventninga til barn?

Fleire norske skular har innført leksefri. Lærarar, foreldre og elevar melder om mindre stress, færre konfliktar heime og meir tid til fritidsaktivitetar. Forsking viser ingen skilnad i faglege resultat samanlikna med skular som gir lekser. Men erfaringar frå leksefrie skular tyder på at elevar som slit mest, lettare heng med når alt skulearbeidet blir gjort i skuletida.

Skulen skal gi alle barn uavhengig av utgangspunkt like moglegheiter til å lukkast. Store mengder heimelekser øydelegg for dette. Barn bør sleppe lekser!