«Den noverande abortlova skulle vore lagt på søppeldyngja for lenge sidan»
Joachim Haug håpar at Stortinget stemmer for å utvide abortgrensa til veke 18.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget har blitt omsett frå bokmål av redaksjonen.
Abortutvalet har lagt fram forslag om utvida abort til veke 18. Det håpar eg får fleirtal i Stortinget.
Etter at abortutvalet la fram forslaget om utvida abort til veke 18 har ein fått sett fart på diskusjonen om abort igjen. Og forhåpentleg skal ein stemme over det i løpet av 2024.
I dag kan kvinna ta abort etter veke 12 ved hjelp av ei nemnd. Likevel er det få kvinner som bruker den moglegheita. Det er fordi det er ei stor påkjenning i møte med nemnda. Med ei utvida abortgrense vil færre støyte på den påkjenninga.
Den noverande abortlova er dermed rigid, og skulle vore lagt på søppeldyngja for lenge sidan.
Abortlova har nesten ikkje vore endra på 50 år. Det er kritisk. Vi snakkar nemleg om kvinners rettar til å bestemme over eigen kropp. Sjølvråderett over eigen kropp er den viktigaste faktoren i debatten. Kvifor skal det vere politikarar som skal bestemme over ei kvinnes kropp? Eg meiner derfor at den noverande abortlova er gått ut på dato.
Ikkje berre er den noverande abortlova rigid, ho er også meiningslaus. I 2022 vart 98,6 prosent av alle abortsøknader etter veke 12 godkjent. Det viser at å utvide abortgrensa til veke 18 ikkje vil ha nokon særlege konsekvensar.
Kvinners rettar må også gjelde abort Den noverande abortlova har fått stått for lenge! Det er no eller aldri. Derfor håpar eg på at Stortinget stemmer for å utvide abortgrensa til veke 18!