Identitet

Maren (25) om vaksenlivet: «Alle andre berre får det til»

«Det er ein god ting å kjenne seg litt rådvill og å ikkje vite kor vegen går,» skriv dokumentarfilmskapar og butikkmedarbeidar Maren Køgel Mandt.

Maren Køgel Mandt (25)
Dokumentarfilmskapar og frilansarbeidar
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg var liten vart eg stadig spurd om kva eg ville bli når eg blei stor. Som 5-åring svara eg naivt og sjølvsikkert; eg skal bli prinsesse. Gjennom oppveksten har dette spørsmålet forfylgt meg.

Eg har drøymt om å bli alt frå forskar til filmklippar, lærar, forfattar og bibliotekar.

No er eg 25 år og har funne ut av kva eg vil bli når eg blir stor: dokumentarfilmskapar.

Vanskeleg yrke

Eg har vald å jobba i ein bransje som kjem med mykje konkurranse og vonbrot. Det er korte prosjektperiodar og mykje uvisse. Då eg kom inn på studiet var eg førebudd på at eg ville møta ein arbeidskvardag prega av korte engasjement og lite tryggleik i andre enden.

Tru meg, eg ville verkeleg ikkje hatt eit anna yrke. Det er dette som gjev meg genuin lukkekjensle i kvardagen.

Det eg derimot var mindre førebudd på var den stadig tilbakevendande kjensla av at alle andre berre får det til, og at dei får det til så mykje raskare enn meg.

Kjensla av kva ein «burde» ha gjort

Misforstå meg rett, eg har fått til ein del. Eg er ein av dei som har visst ei stund kva eg ville strekka meg etter, ein som set karrieren fyrst.

Eg har teke ein bachelor, flytta til Oslo og starta å arbeida som frilansar innanfor TV.

Likevel kjenner eg på ei rastløyse over å ikkje ha oppnådd noko stort og eg blir heimsøkt av den skrekkelege «burde»-tanken.

Eg føler eg burde ha reist meir, funne meg sjølv i India, spart meir pengar. Eg burde hatt eit stort filmprosjekt på gang og ikkje minst burde eg ha kjøpt mi eiga leilegheit.

Rastløysa og hastverket gneg ofte på meg. Det gjer meg ufatteleg frustrert og litt sint. Mest på meg sjølv, fordi eg let det ta energi frå meg. For ein gangs skuld verkar det som det var betre i gamle dagar.

Det verkar som at foreldra mine hadde meir rom for å vimse då dei var i 20-åra. Ingen rynka på bryna om ein fyrst vart ferdig med ein bachelor då ein var 30 +. Fleire av dei eg gjekk på vidaregåande med hadde fullført bachelor, var i jobb og kjøpte hus og hund i ein alder av 23.

Dei har fått meg til å undre, kva tid begynte livet å bli eit hastverk?

Å samanlikne seg med andre

I vinter vart eg brått arbeidsledig, eller «innimellom jobb» som det så fint heiter i min bransje. Så då måtte eg ta ein jobb som julehjelp hjå Clas Ohlson. Ein dag eg stod i kassa møtte eg ein gammal klassekamerat.

I det eg skanna inn dobørsten, sugekoppen og kleshengaren ho skulle kjøpe fortalde ho at ho nett hadde fått seg jobb på eit filmprosjekt; same prosjekt som eg søkte på men aldri fekk svar på.

I den augneblinken ønskja eg å forsvinne frå jordas overflate. Ei bølgje av sjalusi, å føla seg mislukka og håpløyse skyle over meg.

Det var som om eg plutseleg tok 50 steg tilbake frå målet.

Stalking på sosiale medium

Eg mistenker at mykje av grunnen til at eg kjenner på uroa er at eg ser folk sine plettfrie liv på sosiale media. Eg kjenner at det er så lett å samanlikne meg når eg ser at ein kollega har blitt forfremja, eller ein gammal studieven har landa eit viktig engasjement eller prosjekt.

Kjensla av å hamne bakpå kan vere veldig einsam. Då er det spesielt vanskeleg å ikkje samanlikne meg med andre som oppnår ting raskare.

Vi er ein generasjon som kan stalke oss fram til alt på telefonane våre. Ein evig straum av informasjon om andre sine liv og suksessar gjer det lett å miste fokus frå stien ein sjølv må tråkke opp.

Andre tener på presset

Når eg tenkjer nærare på det, ser eg at dette presset òg kjem frå dei store konglomerata som har fått halde på i mange tiår.

Dei som tener store pengar på mitt enkle sinn og fortel meg at problemet er mitt åleine medan dei plasserer ei sjølvhjelpsbok i handa mi, tilbyr meg ein kostbar diett-plan eller eit online-kurs i å bli den beste versjonen av meg sjølv.

Kvinne med filmkamera ute i snøen.
Maren Køgel Mandt kan ikkje tenke seg eit anna yrke, sjølv om det er hardt å vere dokumentarfilmskapar. | Foto: Privat.

Det ingen fortel meg i desse sjølvhjelpsbøkene eller på dei tallause kursa er at sjølve livet handlar om oppturar og nedturar. Det er ikkje alltid dårleg å møte motgang, for det er kombinasjonen av hinder og løn som driv oss framover.

Det er dette som gjer at vi veks og blir meir komplekse og interessante individ. Dette skulle eg ønskje vi inkluderte i narrativet.

Kronglete veg med mange blindgater

Vi høyrer utelukkande om suksesshistoriene, der det høyrest enkelt ut å komma til målet. Kanskje ikkje rart sidan «Jente 25 år er rådvill» ikkje er den overskrifta som sel mest hjå VG. Vi blir inspirert av suksess, men eg er lei av at vi utelukkande fortel frå dette perspektivet, for det er ikkje sanninga.

Sanninga er at folk flest har gått ein kronglete veg med mange blindgater. Det er òg ein god ting å ikkje få alt til med ein gong, det er ein god ting å kjenne seg litt rådvill og å ikkje vite kor vegen går.

Eg vil at vi òg skal heie på oss som bruker lengre tid og vimsar på vegen. Fordi brått trakkar vi opp nye vegar som ingen andre har gått før. 

Det meste er ubehageleg når ein er ung

Nyleg måtte eg trekke mi tredje visdomstann, eit ubehag eg ikkje måtte tenkja på tidleg i 20-åra. Medan eg låg i stolen og tannlegen rykka fram og tilbake inne i munnen min sa han «Du er jo heldigvis ung, det var bra du tok dei no. Dette kjem til å gå fint».

I den augneblinken vart eg riven ut av mitt eige sjølvopptekne rumpehol. Eg vart brått konfrontert med alle uro-tankane mine. Eg er jo ung, og det meste er ubehageleg når ein er ung. Eg må ikkje oppnå alt no. Gode ting tek tid.

Alt eg vil er at vi skifter fokus og roar litt ned. Vi kan alle ha godt av å ta oss ein god pust i bakken, kvile ei stund på laurbærblada og vende blikket utover; bort frå egoa våre. For det er ikkje utelukkande dette livet handlar om.

Systemet må endrast

Ser eg på det større biletet, er det systemet som må endrast. Det krev meir enn ein liten kronikk frå ei 25 år gammal jente, men ein kan jo sjå på kva for ei makt ein har over sitt eige sinn. Som individ kan me prøve å hugse å ha meir is i magen og skifte fokuset frå kva alle rundt oss får til og når dei får utskytsfart på sine greier.

Eg tenkjer vi alle kjem dit i vårt eige tempo, og då er det det tempoet som er rett for oss. Vi må berre halda fram med å gjera vår eiga greie, så får det som hender hende.

Folk finn vegen sin seinare i livet

Så frå eit pauserom i ein Clas Ohlson-butikk har eg skrive denne teksta med håp om å nå ut til dykk andre som ikkje har landa her i livet. De som òg kjenner på eit stort jag etter å nå alle måla dykkar og helst skulle ha gjort det i går.

Til oss vil eg berre seia; vår tid kjem. Hugs at Vera Wang starta si karriere i klesindustrien som 40-åring, at Julia Child skreiv si første kokebok i ein alder av 50, som sette i gang karrieren hennar som TV-kokk og at Harry Bernstein nådde suksess då han var 96 år gammal gjennom sjølvbiografien hans «The Invisible Wall: A Love Story That Broke Barriers».

Det er heilt normalt at folk finn vegen sin seinare i livet.

Og lat oss heller ikkje gløyme frå fabelen at skjelpadda trass alt var den som utkonkurrera haren i det lange løp.