Utdanning

«Arbeidarpartiets fellesskule er ein trussel mot elevane»

Norsk skule sine utfordringar stikk langt djupare enn at Arbeidarpartiets mobilforbod og innkjøp av nye lærebøker vil løysa alt, skriv Omar Svendsen-Yagci (19).

Omar Svendsen-Yagci (19)
2. nestleiar i Unge Venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.

Arbeidarpartiets desperate forsøk på å stiga på målingane går ut over elevane.

Skuleresultata er fallande, elevar keiar seg på skulen og me ser eit systematisk skilje mellom både kjønn og sosial bakgrunn.

Arbeidarpartiet sine løysingar på dei store utfordringane norsk skule står overfor er mobilforbod, fleire fysiske lærebøker og autoritet til læraren. Det er naivt.

Arbeidarpartiet slepper si eiga maske og avslører at dei ikkje tek på alvor dei utfordringane norsk skule faktisk står overfor.

Skulen manglar ein gjensidig respekt

Elevane og norsk skule treng ikkje Kari Nessa Nordtun si forbodslinje.

quote-left

Respekt er aldri noko ein får tildelt – men noko ein må gjera seg fortent til

quote-right

Det er ingen tvil om at læraren skal ha respekt og autoritet i klasserommet. Men respekt er aldri noko ein får tildelt – men noko ein må gjera seg fortent til. Skal me skapa den beste skulen i verda må lærarar og elevar visa gjensidig respekt.

Læraren må få dei rammevilkåra dei treng for å dyrka og vareta den gjensidige respekten.

Pressar elevar gjennom same kverna

Gjensidig respekt handlar mellom anna om å gi kvarandre tillit og medråderett i vår eigen skulekvardag.

Når elevar får bestemma meir sjølv og medverka i si eiga undervisning, myndiggjer det elevane.

Dagens skulesystem er basert på «einingsskulen» til venstresida og høgresida, som pressar elevar gjennom same kvern.

Det er ei grunnleggjande umyndiggjering av elevar når ein skal tvinga elevar til å gå på nærskulen sin, ha ei rigid fråværsgrense, trenera tvungne fellesfag over hovudet på dei, samstundes som me har eit omsynslaust eksamenssystem.

Friare skule

Me treng ein friare skule. Ein skule utan fråværsgrense, valfri eksamensform og nasjonalt fritt skuleval.

Me må skrota ei rekkje fellesfag og innføra fleire valfag. Både fordi me veit at det skaper ein meir motiverande skule og fordi det vil førebu elevar i større grad på høgare utdanning og arbeidslivet.

quote-left

Arbeidsstyrken i framtida blir ikkje skapt av at alle kan den same billige kvisskunnskapen

quote-right

Arbeidsstyrken i framtida blir ikkje skapt av at alle kan den same billige kvisskunnskapen.

Norsk skule sine utfordringar stikk langt djupare enn at Arbeidarpartiets mobilforbod og innkjøp av nye lærebøker vil løysa alt.

Skulen må setja elevane i sentrum, med meir fridom og kunnskap.