Politikk og samfunn

Appell på kvinnedagen: – Nemndene har ingen plass i framtida vår!

– Noreg bør skamme seg for å gi norske kvinner mindre sjølvbestemming enn Island, Colombia eller 19 amerikanske delstatar.

Selma Flo-Munch (23) og Solveig Hagen Strand (23)
Aktivistar i Kvinnefronten og medlem i Kvinnebevegelsens abortutval
Publisert
Oppdatert 11.03.2024 08:03

Meiningsinnlegget vart halde som appell under 8. mars-markeringa på Youngstorget i Oslo og er omsett til nynorsk med løyve frå appellantane.

Kjære søstrer, det finst eit land der staten praktiserer eit eige ritual for å halde på æra si overfor små konservative og religiøse miljø, trass i kvinners menneskerettar og trass i helsefaglege råd. Det landet er Noreg og det ritualet er abortnemnder.

Ifølgje Verdas helseorganisasjon er abortnemnder i strid med internasjonale menneskerettar, fordi nemndene opnar opp for at ein stat kan nekte kvinner tilgang til helsehjelp på bakgrunn av at vi er kvinner og kan bere fram barn.

Likevel har det norske abortutvalet føreslått å vidareføre dei kvinnefiendtlege abortnemndene i forslaget sitt til ny abortlov – dette finn vi oss faen meg ikkje i!

I dag meiner dei fleste at kvinner er avgjerdsdyktige og rasjonelle, så kvifor er det annleis når vi er gravide? Ein abortpolitikk for framtida må bryte med det gamaldagse synet på kvinner som irrasjonelle og moralsk underutvikla – nemndene har ingen plass i framtida vår!

quote-left

Dette finn vi oss faen meg ikkje i!

quote-right

Kva viss vi i framtida kan fortelje venninnene våre at dei aldri treng å møte i abortnemnd dersom dei ikkje er klare for å ta vare på eit barn?

Og kva viss deira venninner igjen, kan sleppe den krenkinga det er å måtte møte i ei nemnd når fosteret deira er for sjukt til at det kan berast fram?

Kva viss vi kan fortelje vesle­søstrene våre at det ikkje lenger er noko farleg at mensen er ein dag for sein eller 20 dagar for sein – fordi dei ikkje lenger treng å frykte det å bli uønskt gravid og ta ein abort. Fordi vi har tatt bort skamma og erstatta ho med forståing for at nokon gonger berre skjer livet.

Kva viss vi ein gong kan fortelje døtrene våre – viss vi endar opp med å få det – at dei blei til fordi vi valde å halde fram svangerskapet. Ikkje fordi vi var redde for å ta abort, men fordi sjølvbestemminga vår gjorde det mogleg for oss å ta det modige valet å skulle bli mødrer.

Og kva viss vi ein gong kan fortelje bestemødrene våre at vi har fått gjennomslag for den abortlova dei eigentleg drøymde om, men aldri fekk.

quote-left

Vi er ikkje interesserte i ein gyllen middelveg

quote-right

Kjære søstrer, det er ei eiga form for undertrykking når vi blir fortalde at vi må vere takknemlege for noko som ikkje er godt nok. Vi er ikkje interesserte i ein gyllen middelveg, når den middelvegen går mellom dei som meiner at kvinner som tar abort, kjem til helvete, og oss som berre vil ha trygg tilgang til ei heilt grunnleggjande helseteneste.

Vi har ei historisk tid framfor oss. Frankrike har nettopp grunnlovsfesta retten til abort. No er det vår tur til å bli høyrde! Noreg bør skamme seg for å gi norske kvinner mindre sjølvbestemming enn Island, Colombia eller 19 amerikanske delstatar.

quote-left

Kva viss vi ein gong kan fortelje bestemødrene våre at vi har fått gjennomslag for den abortlova dei eigentleg drøymde om, men aldri fekk

quote-right

Sjå på dei som står rundt deg akkurat no, for vi står på Youngstorget saman med dykk som kjempa gjennom abortlova i 1978. Vi veit at vi har dykk i ryggen, og no er det vår tur til å ta over stafettpinnen! Vi lovar dykk at vi skal vere like kravstore, like skamlause på vegner av retten vår til sjølvbestemming, og at vi aldri, aldri skal kuast til å vere takknemlege for noko anna enn fridom!

Vi må stå saman og krevje ei ny lov som anerkjenner at problemet ikkje er talet på abortar, men eit gammaldags kvinnesyn.

Kjære søstrer, abort skal vere vårt eige val, men vi må vere mange og vi må rope høgt: Avskaff nemndene no!