Identitet

«Å vere nynorskelev midt i bokmålsland»

12. mai er nynorskdagen, og Ingrid Renata (18) har reflektert rundt det halde på nynorsken når dei rundt hen brukar bokmål.

Ingrid Renata Nielsen (18)
Leiar hjå Katta Målungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg heiter Ingrid Renata, men nyttar Renata i kvardagen, og er 18 år gammal. Eg er glad i musikk og trening, og bryr meg om mangfald og skeive rettar. Eg drøymer om å studere medisin i utlandet, og engelsk tek snart over.

Eg chattar gjerne på bokmål, men har alltid nynorsken i hjartet!

Her er mi språkreise frå bygda til byen, frå ubevisst til aktivt medlem av Norsk Målungdom:

Å tilpasse seg eller vere annleis

Sumaren 2020 flytta eg til Oslo fordi eg fekk skuleplass hjå Oslo Katedralskole. Dette var ikkje berre spanande, men eit stort steg frå den litle skulen, Sand Skule, som eg no hadde vore elev hjå i ti år.

Eg kjem frå Sand, i nynorskkommunen Suldal. Ubevisst hadde eg no i ti år vore nynorskelev, fram til eg fekk valet om å endre hovudmål under søknadsprosessen på vigo. «Oslo er bokmålsland, og difor bør eg berre tilpasse meg det».

«Hald på nynorsken», stod det på flygebladet frå Norsk Målungdom som alle i klassen min fekk.

Det vakna opp ein frustrasjon frå mi side, for eg likar ikkje å bli fortalt kva eg må gjere. Heldigvis gav eg det litt tid, og maste om å endre tilbake til nynorsk no som eg såg kvifor det dei sa eigentleg var sant.

For det fyrste var eg like god i nynorsk som i bokmål, nett fordi eg blei påverka av bokmålet i media, men nynorsken i skulen og samfunnet rundt meg elles.

For det andre, ville det vere kult å vere litt annleis på byen, tenkte eg.

Dei vanlege kommentarane

Når ein kjem frå bygda og inn til byen for å bli buande for fyrste gong, høyrer du ofte den same kommentaren som opnar opp til ein språkpolitisk debatt.

«Men du Renata, du pratar nynorsk, eller nært nynorsk,» har eg høyrd so mange gonger at eg ikkje tel det. Innan dei neste minutta kjem også kommentarane om kva personen (frå bokmålsbyen), sjølv meiner om nynorsken.

Eg veit det er fint i dikt, men eg orkar ikkje å høyre korleis du meiner mitt språk ikkje burde ha eiga karakter eller burde fjernast totalt.

Bokmålselevane tapar

Eit problem er at skulebøkene kjem for seint på nynorsk, og at vurderingar ofte ikkje er tilgjengelege på nynorsk. Kva læraren skriv på tavla eller framsyninga dei har, er berre ein sjeldan gong nynorsk i norsktimen.

Dette plagar meg ikkje stort eigentleg, fordi eg er så vand med begge språka, men eg ser sjølvsagt korleis dette påverkar bokmålselevane. Dei merker det raskt i norsktimane, eller i norskboka då kapitla hoppar frå bokmål til nynorsk.

Det er likevel kjekt å bli spurt korleis eg ville ha sagt eller skrive noko av medelevar når me skal skrive i norsken.

Samfunnsansvar

Eg vil ikkje skapa nokon klisje, men språk er identitet. Mange meiner det er verdifullt og viktig å ta vare på si eiga identitet, men kvifor meiner dei også at alle nynorskbrukarar berre skal miste sitt eige språk? Eg trur ikkje me er problemet, men skulen og media.

Som ein framtidig lege eller liknande, er eg ikkje den største «språknerden». Men eg ser verdien i å ta vare på språket me hadde før danskane kom, og restane frå etter svartedauden.

Svartedauden kunne ein ikkje hindre, men «fordanskinga» av språket er noko anna. I tillegg var det overklassen som byrja å tale og skrive dansk, og eg er sjølvsagt meir positiv til bonden og arbeidarklassen, enn til dei rike.

Det er noko sterkt ved å ikkje la seg endre av andre, og det er difor eg står so støtt ved nynorsken.