Politikk og samfunn

«Det er ingen som påstår at dei sjuke vel sjølv om dei har lyst til å vera sjuke eller ikkje»

Sigrun Refsnes i Unge Høgre meiner Simen Bondevik gløymer eit par ting i innlegget om dei borgarlege partia sine forslag til innstrammingar i velferdsordningane.

Sigrun Refsnes (16)
Oslo Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Enkeltmenneske kan ikkje bestemma seg for å ikkje vera sjuke» skriv Simen Bondevik frå Partiet Sentrum i Framtida. 

Det er ingen som påstår at dei sjuke vel sjølv om dei har lyst til å vera sjuke eller ikkje. Me må vera realistiske i denne debatten. Me må ta kvarandre, og dei sjuke på alvor i staden for å skulda andre parti for noko som ikkje er sant, for å få sitt eige parti til å sjå godt ut. 

Det er leitt at så mange funksjonsnedsette står ufrivillig utanfor arbeidslivet, og dette er noko eg er samd i at me må gjera noko med. Men for å oppklara misforståinga; når ein les eit partiprogram er det mange ting som heng saman. Eineståande tiltak er ikkje vedtekne åleine, men i samanheng. 

quote-left

Me er nøydde til å kutta i velferdsordningar, som mellom anna sjukelønna

quote-right

Me er nøydde til å kutta i velferdsordningar, som mellom anna sjukelønna. Det er ikkje noko me foreslår fordi det er morosamt, eller fordi me ikkje trur at folk er så sjuke som dei er. 

Eg er også kronisk sjuk med hovudverk og migrene, men trur bastant at Unge Høgre ikkje berre har dei tryggaste løysingane, men dei mest rettferdige. 

Me ønskjer oss eit skattesystem som gjer at det alltid lønner seg å jobba. Det skal bli lettare for unge å komma ut i jobb, men det er også viktig at me utviklar og skaper arbeidsplassar der funksjonsnedsette og sjuke også kan jobba. Det er vanskelegare å leggja til rette for nokre bedrifter enn for andre, så eg kan ikkje garantera at alle jobbar skal bli tilgjengelege for oss. Men eg håpar me kan få til ei endring slik som deg, Bondevik. 

«Men me som politikarar kan setje i verk tiltak som gir fleire menneske moglegheit til å kome ut i arbeid. Det er det den politiske debatten først og fremst bør dreia seg om.»

Det eg derimot tenkjer manglar i denne debatten er behandlingstilboda til dei som er sjuke. Med eit mål om at alle som kan, skal jobba, må me sørgja for at pasientane får ei rask, god og rett behandling. Det blir nemleg dyrt når helsekøane er uendeleg lange og legane overarbeidde.

quote-left

No er det på tide å bruka pengane våre og vår tid meir effektivt og fornuftig

quote-right

Me treng fritt behandlingsval, slik at alle får like gode høve til å bli friske – og ikkje berre dei rikaste. 

Det at regjeringa står og ser på køane bli lengre og lengre utan å gjera noko med det, er ikkje noko anna enn utruleg. 

Partiet Sentrum, de treng nok ikkje bekymra dykk for at me på høgresida ikkje vil ta funksjonsnedsette og sjuke på alvor. For det er endå ein gong Ap, Sp, og resten av partia til venstre som viser at dei ikkje er partia for pasientane. 

No er det på tide å bruka pengane våre og vår tid meir effektivt og fornuftig, for då kan me faktisk snakka om tilrettelagde arbeidsplassar og betre folkehelse.