Politikk og samfunn

«Å kalle ho for «basic bitch» er både kvinnefiendtleg og nedlatande»

Emilie Enger Mehl er ikkje berre Noregs justisminister, ho er òg eit førebilete for meg sjølv og andre unge i dag, skriv Ane Marita Rossevatn Uleberg (24).

Ane Marita Rossevatn Uleberg (24)
Jusstudent og 1. nestleiar i Vestland KrFU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Redaksjonssjef i ABC Nyheter skreiv i eit innlegg sist veke at ho meiner at Emilie Enger Mehl er ei «basic bitch» som prøver å leve som ei heilt vanleg kvinne i 30-åra med venninnene. Her meiner eg ho bommar totalt.

For det fyrste høyrer det ikkje heime i den offentlege debatten i dag å kalle nokon for «basic bitch». Det er kvinnefiendtleg, og i dette tilfellet nedlatande mot ei kvinne som har jobba hardt for å kome der ho er i dag.

Noregs yngste justisminister

Om du skal vere aldri så kritisk til justisministeren, så kjem du ikkje unna at ho i 2023 vart kåra til den tredje mest populære politikaren i Noreg. Her vart ho berre slått av Abid Raja og Erna Solberg.

Emilie Enger Mehl vart i ein alder av 28 år Noreg sin yngste statsråd og justisminister nokosinne. Ho har ansvaret for tryggleiken til Noreg sine innbyggjarar, og styrer justisdepartementet både stødigare og betre enn det forgjengarane har gjort på mange år. Det er heller ingen justisminister som har sitte like lenge som ho sidan tidleg 2000-tal.

quote-left

Eg kan ikkje sjå at andre politikarar kritiserast på same måten

quote-right

Instagram deler ho om alt frå stortingsmiddagar, besøk rundt om i Noreg, jaktturar, ferieturar i Noreg og verda, frå sosiale samankomstar og nå sist frå Taylor Swift konsert i Stockholm. Det er dette redaksjonssjefen liker dårleg.

Justisministeren får rett og slett pes for å vise fram alle delar av livet sitt på sine private sosiale medium. Kvifor skal ikkje vår eigen justisminister få dele opplevingar som vanlege folk gjer på sine sosiale medium? For det er jo hennar PRIVATE konto, ikkje nokon offentleg konto som Noregs justisminister har. Eg kan ikkje sjå at andre politikarar kritiserast på same måten for innhaldet i deira sosiale medium.

Anti-jantelov

Emilie Enger Mehl er ikkje berre Noregs justisminister, ho er òg eit førebilete for meg sjølv og andre unge i dag.

Emilie viser at det er faktisk mogleg å vere ung politikar og framleis få ta del i det vanlege livet saman med vener og familie.

Ho viser at det er mogleg å vere jente og like det å jakte, at ein kan jobbe heime på garden når ein er heime i ferien og at ein berre skal blåse i janteloven som seier at ein ikkje skal tru at ein er noko spesielt.

quote-left

Ho har gjort alle fordommar til skamme

quote-right

Emilie Enger Mehl har vist for oss unge at det er faktisk mogleg å kome frå ein liten plass, frå ein gard, frå eit lite parti og lykkast som ung kvinne i politikken.

Ho har gjort alle fordommar til skamme gjennom si politiske karriere, og sine snart tre år som justisminister. Det er dette som burde vere fokuset, ikkje hennar private sosiale medium.

Me må heie personar som Emilie Enger Mehl fram, ikkje trekke dei ned!

Høyrer ikkje heime i debatten

Emilie Enger Mehl er eit førebilete som banar veg og gjev framtidshåp for ungdom og unge vaksne i Noreg. Å kalle ho for «basic bitch» er både kvinnefiendtleg, nedlatande og høyrer ikkje heime i den offentlege debatten i 2024.