Politikk og samfunn

«Å ha rusavhengige foreldre blir ikkje snakka nok om»

Les talen til Olivia Sandvik Hilleren som ho framførte under Nordisk Talefest i Bergen 10. mai.

Olivia Sandvik Hilleren (17)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Over 90 000 unge under 18 år har ein forelder som bruker rusmiddel på ein måte som belastar barna kvar dag. Det svarer altså til 2-3 elevar i kvar einaste skuleklasse. Å ha rusavhengige foreldre blir ikkje snakka nok om.

«Kvifor bur du med besteforeldra dine?».

Eg kjem aldri til å gløyma følelsen av å bli spurt av vennane mine i andre klasse. Eg svarte alltid: «Eg veit ikkje». Men eg visste det godt. Eg visste godt at det var på grunn av foreldra mine sitt narkotikaproblem.

I sjette klasse var det den aller første gongen eg torde å seia det til bestevenninna mi.

Dette er første gong eg står og fortel det til alle.

Foreldra mine er rusavhengige. Og dei har vore det heile livet mitt. Det er vanskeleg for meg å stå her og snakka om dette, som har påverka meg i så stor grad frå dagen eg blei født. Eg tør nesten ikkje å snakka om narkotika, og eg har heller ikkje lyst til å stå her og snakka om det, men i dag må eg.

For bak kvar forelder med rusavhengigheit er det eit menneske med ei historie, ein familie, eit barn, som treng støtte og folk rundt seg som bryr seg.

quote-left

Folk tør ikkje å spørja om hjelp

quote-right

Det med overdose er det som har skremt meg aller mest. Det faktumet at eg aldri er heilt sikker på om foreldra mine framleis er i live. Om den førre klemmen eg gav dei, kanskje var den aller siste.

I Noreg døyr det i gjennomsnitt 260 personar av narkotika-overdose kvart år.
Folk døyr.
Folk tør ikkje å spørja om hjelp. Folk lar skamfølelsen ta over, i staden for å ringa etter hjelp. Sånn kan det ikkje fortsetja!

Skam er eit sentralt ord når det er snakk om korleis dei fleste føler seg om narkotika. Eg føler også på ei skam. Skam for å snakka ut om mine foreldre.
Det å snakka om rus og avhengigheit er tabubelagt. Sjølv for meg. Det er ukomfortabelt for meg å stå her og snakka om foreldra mine sin rusbruk.

Ukomfortabelt! Det perfekte ord, som forklarer akkurat kva eg føler, akkurat no.

Eg trur at kanskje de også blir ukomfortable. Men det betyr ikkje at me kan unngå å snakka om det. Unngå å gi dei som slit eit jævla forsøk.
Eg veit eg ikkje er den einaste. Kanskje nokon av dykk har foreldre eller kjente som slit.

Då snakkar eg ikkje berre om narkotika. Alkohol, mat, speleavhengigheit. All form for avhengigheit er ukomfortabelt for både personen som slit, og alle rundt.

quote-left

Me må oppmuntra til openheit og ærlege samtalar om narkotikamisbruk

quote-right

Kvifor gjer me null innsats?
Kvifor er me så redde for å snakka om eit så viktig tema?
Me må riva ned tabu-veggane som omgir dette temaet. Me må oppmuntra til openheit og ærlege samtalar om narkotikamisbruk og overdose. Me kan ikkje lenger venda ryggen mot dei som slit.

Set deg ned med personen du bryr deg om og snakk! Ver så snill og snakk om det. Vis at du bryr deg.

Sånn kan du bidra til å hjelpa dine nærmaste som slit med rus. Alle gjer ein forskjell og alle kan hjelpa til med å senka tala i overdosestatistikken. Ha tolmodigheit. Hugs: Det krev stort mot å vera ærleg om avhengigheit. Møt dei med kjærleik, støtte og respekt.

Eg er eit barn av rusavhengige foreldre.
Og det einaste eg vil, er å hjelpa dei.