Utdanning

«Å gi elevar fritt nivåval er å anerkjenna at du og eg lærer på ulike måtar»

Dersom me elevar får fridommen til å velja nivå sjølv, får fleire elevar høve til å oppleva meistring på skulen, skriv Alma Tokle (15) i Oslo Unge Høgre.

Alma Tokle (15)
Medlem av Oslo Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dagens «one size fits all»-undervisning fungerer ikkje. Elevane fortener ein sjanse til å lykkast!

«Ola» og «Marie»

I alle klasserom sit det elevar som har «falle av» i undervisninga for lenge sidan. I same klasserom sit det elevar som ikkje får utfordringar nok i faget, og som skulle ønskja dei fekk læra meir. Løysinga på dette problemet heiter fritt nivåval! Fritt nivåval er at eleven sjølv skal få velja nivå i eit fag slik at det blir tilpassa kva eleven er interessert i og ønskjer å meistra.

quote-left

Løysinga på dette problemet heiter fritt nivåval!

quote-right

På bakarste rad i klasserommet sit to elevar, «Ola» og «Marie». «Ola» stirer tomt ut av vindauget medan «Marie» teiknar krusedullar i skriveboka si. Begge kjedar seg i naturfagstimen. «Ola» fordi han ikkje skjønner noko av karbonsamband eller redoksreaksjonar, og «Marie» fordi ho har lært seg dette for lenge sidan. Når skuleklokka ringjer til friminutt, forlèt begge klasserommet utan å ha lært noko som helst nytt. Dette er kvardagen til mange av oss elevar i dag.

P-matte eller T-matte

Når ein startar på vidaregåande skule får ein velja om ein ønskjer undervisning i praktisk (P) eller teoretisk (T) matematikk. Då kan dei som synest mattetimane på ungdomsskulen var utfordrande, eller ikkje ønskjer å fordjupa seg vidare i matematikk, velja P-matte, og dei som ønskjer å fordjupa seg i realfag, velja T-matte. Liknande alternativ burde me ha i fleire fag!

Det er demotiverande å rekkja opp handa for å spørja om noko i timen når ein føler at heile klassen har skjønt noko du ikkje forstår. Elevar kjenner ikkje meistring når undervisninga blir opplevd som om ho går «over hovudet» på ein. Dersom me elevar får fridommen til å velja nivå sjølv, får fleire elevar høve til å oppleva meistring på skulen, som igjen kan føra til auka motivasjon.

quote-left

Er det ikkje betre at alle lærer så mykje dei klarer, enn at ingen lærer seg det dei skal?

quote-right

Kvifor må den eleven som diggar norsk få undervisning i same klasserom som ein som ikkje kan tenkja seg noko meir kjipt enn diktanalyse? Vi er alle interesserte og flinke i ulike fag. Å gi elevar fritt nivåval er å anerkjenna at du og eg lærer på ulike måtar og i ulikt tempo, for det gjer vi. Der nokon kan rasa gjennom pensum, treng andre meir oppfølging og tid på å læra seg det dei skal. Er det ikkje betre at alle lærer så mykje dei klarer, enn at ingen lærer seg det dei skal?

Den «perfekte» eleven

Berre eit fåtal av oss er den «perfekte» eleven som sklir rett inn i den rigide malen dagens skule er.

Det er du sjølv som veit best kva som passar deg av fag i forhold til både interesser og evner, og dessutan kva for eit fagleg nivå som er nødvendig i det ønskte utdanningsvalet i framtida. Medelevane mine og eg lærer på ulike måtar og i ulikt tempo, og derfor passar ikkje eit standard A4-undervisningsopplegg for alle.

Det burde vera skulen som tilpassar seg elevane, ikkje motsett. Elevar er ulike, og det må undervisninga ta omsyn til!