Politikk og samfunn

«Å forsvare folkerettsbrot fordi den som gjer det er «på vår side», er heilt på jordet»

I ei verd der folkeretten gjeld, er løysinga internasjonalt press, sanksjonar og FN-tiltak – ikkje at einskilde statar går til militær handling når det passar dei, skriv Ole Henrik Frostad.

Ole Henrik Frostad (17)
Internasjonal leiar, Møre og Romsdal AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nyleg skreiv leiaren av Bergen og omland FpU eit svarinnlegg til AUF der han meinte at USA er den viktigaste tryggleiksgarantisten for Vesten. La oss vere ærlege frå start: Det er dei nok, og det er vi ikkje usamde i.

Men slik eg forstår FpU, verkar det som dei meiner at USA gjer dette berre av rein godvilje overfor venezuelanarane – nesten som om det kjem frå Donald Trump sin nestekjærleik. Og trass i brot på folkeretten, meiner dei at dette bør feirast med brask og bram.

Då vil eg gjerne vite: Når var sist Trump-administrasjonen gjorde noko internasjonalt utan å vere styrt av eigeninteresse?

Så kva kan Trump eigentleg ha å vinne på dette? Ein kan spekulere i om han vil redde demokratiet i Venezuela, eller om han vil stoppe narkotikasmugling til USA. Men då tvilar eg sterkt på at han samtidig hadde signalisert vilje til å setje inn Maduro sin eigen handplukka visepresident som arvtakar

Oljenasjonen Venezuela

La oss vere tydelege: Nicolás Maduro er ein autoritær leiar som systematisk har brote menneskerettar, fengsla politiske motstandarar og bidrege til at millionar av venezuelanarar har flykta frå landet.

Men sjølv om Maduro er ein forferdeleg diktator, betyr ikkje det at alle middel for å fjerne han er legitime.

Litt bakgrunn: Venezuela har verdas største oljeressursar. Amerikanske selskap som Exxon og ConocoPhillips var tidlegare tungt inne i venezuelansk oljeindustri. Dette tente dei godt på, men i 1976 valde Venezuela å nasjonalisere oljeindustrien. Då Chávez, og seinare Maduro, kom til makta frå 1999, blei amerikanske investorar nesten heilt stengde ute.

Etter mange sanksjonar og eit stadig dårlegare forhold mellom landa, har USA truleg blitt lei av å vente. Eller sagt på ein annan måte: Dei har sett kor ustabilt Venezuela har blitt, og bestemt seg for å gripe inn med makt for å styre, ta kontroll over oljeressursane og tene pengar på dei igjen.

Folkeretten må vere grunnmuren

Brot på menneskerettar er alvorleg og må få konsekvensar. Men i ei verd der folkeretten gjeld, er løysinga internasjonalt press, sanksjonar og FN-tiltak – ikkje at einskilde statar går til militær handling når det passar dei.

Folkeretten er ein grunnmur for respekt og fred mellom land. Norsk utanrikspolitikk har alltid vore tufta på at store og mektige statar ikkje skal få overkøyre små, og at folkeretten skal liggje til grunn. Dette handlar òg om Noreg sin eigen tryggleik, sidan vi sjølve er eit lite land.

Vi i AUF er heilt klare på at alle brot på folkeretten skal fordømmast, uansett kven som står bak.

Dessverre verkar det som ikkje alle ungdomspartia ser kor viktig dette er.

Dersom Trump sitt engasjement i Venezuela først og fremst handlar om olje, er det ei svært tynn og trist grunngjeving for å bryte folkeretten.

Vi kan ikkje gå tilbake til ei verd der stormakter bestemmer geopolitikken bak lukka dører. Det er ein før-andre-verdskrig-logikk som er farleg – og som gjer små land som Noreg ekstra sårbare.

Å ønskje demokrati og menneskerettar i Venezuela er bra – der er vi einige. Men å forsvare folkerettsbrot fordi den som gjer det er «på vår side», er heilt på jordet. Når FpU vel å sjå bort frå dette, er det ikkje berre naivt – det er òg svært skremmande.