Vil la elevar gå på skule utanfor heimfylket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opnar for skule utanfor heimfylket

Lovendringa som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har kalla gjeste-elevgarantien, inneber at elevane er garantert finansiering frå heimfylket viss dei får skuleplass i eit anna fylke, skriv VG.

LES OGSÅ: Fleire fullfører vidaregåande skule

– Vi er enda eit steg nærmare fritt skuleval over fylkesgrensene med denne lovendringa som vi no foreslår. Om du som elev vel skule i eit anna fylke og får plass, kan ikkje fylket du kjem frå, seie nei til å betale for plassen din, seier Isaksen.

– I dag kan fylke seie nei til å betale for skuletilbod i andre fylke. Det betyr at eleven i praksis ikkje har moglegheit til å søke skuleplass i eit anna fylke, seier statsråden.

Etter lovendringa vil det einaste som kan hindre ein elev frå eit anna fylke ein skuleplass, vere eit nei frå ein vidaregåande skule som oppdagar at gjesteeleven tar opp plassen til ein annan elev.

Forslaget skal ut på høyring til hausten, og Røe Isaksen ser for seg at retten til gjesteelevsgaranti vil tre i kraft frå hausten 2016. (©NPK)

LES OGSÅ: Vidaregåande gir mindre kriminalitet