Vil ha nynorsktiltak i lærarutdanninga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etterlyser nynorsktiltak

– Eg merka meg dei store variasjonane mellom korleis lærarutdanningsinstitusjonane dokumenterer nynorskkompetansen til kandidatane, svarer Birgitte Jordahl, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, på spørsmålet om kva som er det viktigaste funnet i rapporten som i mållaget er kjent som Proba-rapporten. 

I vår gav Utdanningsdirektoratet Proba samfunnsanalyse eit oppdrag med å gjennomføre eit forskingsprosjekt for å få vite meir om korleis lærarutdanningane sikrar nynorskkompetanse hjå studentane sine og få svar på spørsmålet om kvifor elevar med nynorsk hovudmål skifter til bokmål. Birgitte Jordahl, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, peikar på at lærarutdanningsinstitusjonane er noko departementet fylgjer opp.

– Departementet har sendt eit brev til alle institusjonar med grunnskulelærarutdanning om at departementet forventar at institusjonane nøye vurderer praksisen ved eigen institusjon opp mot kritikken frå PROBA-rapporten og set i verk nødvendige tiltak.

LES OGSÅ: Rapport: Elevar må retta på nynorsken til lærarar

Nynorsk i grunnskulen
– Vidare har eg sjølvsagt også merka meg at elevane i stor grad peikar på grunnen til at dei byter målform, er at bokmål er mest nytta i samfunnet. Dette er det vanskeleg for opplæringssektoren å gjere nok med, seier Birgitte Jordahl.

– Når det er sagt, vil eg gjerne nytte høvet til å understreke at nynorsk er eit levande språk i Noreg. Vi skal framleis syte for å leggje godt til rette for at elevar med nynorsk som hovudmål kan få halde fram med dette gjennom heile opplæringa.

 Korleis tolkar de funna i rapporten?

– Eg ser på funna i rapporten som interessante. Eg ser at det er somt skulen ikkje kan gjere så mykje med og andre ting vi i vår sektor kan bidra til å forbetre.

LES OGSÅ: Uroa for prinsessa sin nynorsk

Meir kunnskap

 Er det noko de tykkjer ein bør forske meir på, eller er det tiltak i skulen som de ynskjer å sjå nærare på, på bakgrunn av rapporten?

– Desse to spørsmåla kan vi sjå i samanheng. I samband med arbeidet med ein ny innsats for lesing og skriving frå 2015 kan det vere interessant å gjennomføre ei undersøking om elevane sin skrivekompetanse i begge målformer. Her er vi framleis på planleggingsstadiet, så det er litt tidleg å seie noko sikkert.

– Det kan også vere grunn til å merke seg at gjennom den siste revisjonen av norskfaget vart nynorsken si stilling styrkt gjennom blant anna tidlegare start med lesing av tekstar på begge målformer. Den nye læreplanen fekk også gode tilbakemeldingar frå språkorganisasjonane, seier Birgitte Jordahl.

 Er det nokre funn som er spesielt overraskande?

– Nei, eg vil kanskje ikkje seie overraskande. Det er ikkje positivt at delen elevar som har nynorsk som hovudmål, stadig går nedover.

 Saka er henta frå Norsk Tidend 1/2015.