Vil dyrke menneskeorgan i gris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil dyrke organ i gris

– Folk trur vi lagar eit menneskegris-monster, seier Hiromitsu Nakauchi. Men når han forklarer kva han og kollegaene prøver å gjere, godtar dei fleste ideen, hevdar den japanske forskaren i eit intervju med tidsskriftet Science Translational Medicine.

Etterspurnad
Det er stor etterspurnad etter nye organ til sjuke personar. I USA vert det til dømes gjennomført rundt 30.000 organtransplantasjonar årleg. Samtidig står meir enn 100.000 i kø for å få transplantasjon, og meir enn 6.000 døyr årleg medan dei ventar.

På slutten 1990-talet hadde mange von om at transplantasjon av dyreorgan til menneske skulle bli ei behandlingsform i nær framtid, skriv tidsskriftet GENialt. Gris peikte seg ut fordi han har om lag like store organ som menneske.

Problematisk
Sidan har optimismen minka. Ein viktig grunn er problemet med fråstøyting, altså at immunforsvaret til menneskekroppen angrip det nye organet.

Problemet er framleis ikkje løyst, og i dag er det å transplantere organ frå dyr til menneske forbode i Noreg. Det kjem også av bekymring for at nye, smittsame virussjukdommar skal følge med dyreorgana.

Dyrking i dyrekropp
Dei siste åra har Hiromitsu Nakauchi styrt ei forsking på ein alternativ strategi for å avhjelpe organmangelen, nemleg å dyrke menneskeorgan i dyrekroppar. For eksempel kan ein forsøkje å få ein bukspyttkjertel frå menneske – altså eit organ som berre inneheld menneskeceller – til å vekse i kroppen til ein gris.

Nakauchi ventar no på lov til å setje i gang forsøk med stamceller frå menneske i grisar. Førebels har ikkje japanske styresmakter gitt forskarane løyve til å gjere forsøk der eit embryo som inneheld menneskeceller, vert sett inn i livmora til eit dyr for å utvikle seg til eit nytt individ. Etter positiv respons frå eit bioetisk ekspertpanel ligg det likevel an til at reglane blir endra i Japan. Men arbeidet med dei nye reglane kan ta nokre år.

I mellomtida planlegg Nakauchi og kollegaer å starte forsøk ved Stanford-universitetet i den amerikanske delstaten California. USA har ikkje noko generelt forbod mot slik forsking.

Skulle forskarane lykkast i å dyrke fram eit menneskeorgan i ein gris, står det framleis att å vise at transplantasjon til eit sjukt menneske kan gjerast med hell. Dersom det nye organet inneheld spor av griseceller, er det stor fare for at det vil det vil bli fråstøytt. (©NPK)