Vil du omsetja rockens bestefar?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I samarbeid med musikkfestivalen Bygdalarm og Kunsthuset Kabuso inviterer Kvam Mållag til å omsetja blueslegenda Robert Johnson til norsk.

Dei utfordrar lekmann og lærd over heile landet til å kasta seg inn i tevlinga om å laga dei beste Robert Johnson-gjendiktingane. Vinnartekstane vert framførte av den kritikarroste musikaren og Dylan-omsetjaren Tom Roger Aadland under arrangementet LittLarm på Kunsthuset Kabuso i Øystese.

Aadland kjem og til å framføra ei førehandstinga omsetjing ved forfattar, musikar og Robert Johnson-fan Olav R. Øyehaug.

Arrangementet skjer i samband med Bygdalarm, ein utandørs musikkfestival 6. og 7. juli.

Rockens bestefar
Robert Johnson (1911-1938) er i følge Kjartan Fløgstad «…ein av dei aller viktigaste musikalske føresetnadene for rock´n´roll, og dermed for moderne musikk og songlyrikk i det heile.”

Av fleire blir han rekna som rockens bestefar.

Bob Dylan, The Rolling Stones, Eric Clapton og Red Hot Chili Peppers er berre nokre få av dei som har spela låtane hans.

Robert Johnson byrja ikkje å spela inn plater før tre år før han døydde. Men albumet King of the Delta Blues Singers frå 1936 blei 70 år seinare kåra til det mest innflytelsesrike gjennom heile historia til vestleg rock, i ei kåring i Dagens Næringsliv.

Rein legende
”Det som er med Robert Johnson, er at han berre har eksistert i platene sine. Han var rein legende”

Martin Scorsese, Love In Vain: A Vision of Robert Johnson

Det er ikkje mykje som er kjent av livet til Robert Johnson. Kva tid han blei fødd er ukjent, men dei fleste reknar med at han var fødd innan 1912, truleg året før. Dødsattesten hans fann ein først i 1968, men kvar han eigentleg er gravlagt er ukjent.

Ein av dei mest kjente historiene om Robert Johnson er djevlelegenda.

Som ung plantasjearbeidar i Mississippi fekk Robert Johnson ein brennande trong til å bli ein stor bluesmusikar. Ein dag fekk han beskjed om å ta gitaren med seg til eit vegkryss nær Dockery-platasjen ved midnatt.Der møtte han ein høg, mørk mann som tok gitaren frå han og stemte han. Djevelen spelte eit par songar, før han gav gitaren tilbake. Som betaling for sjela si, skal Robert Johnson ha fått evnene sine som bluesmusikar.

Robert Johnson døydde etter å ha blitt forgifta av den sjalu ektemannen til ei dame som han hang i hop med.

Songar som Sweet Home Chicago, Cross Road Blues, Hellhound on My Trail og Love in Vain er berre nokre av songane hans som lever vidare. 

Høyr nokre av songane hans her: