Verdsmeistrar i ubeskytta sex

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala for tilfelle av hiv-viruset aukar i Noreg, syner tal frå Folkehelseinstituttet. I 2009 var i overkant 5000 personar smitta av viruset i Noreg. Røde Kors Ungdom jobbar for at fleire unge skal få kjennskap til korleis ein kan unngå å verte smitta av dette – og andre sjukdomar som smittar ved seksuelt samvær.

Les meir om Raude Kross sitt prosjekt Aktivt val!

– Vi vil bruke aidsdagen no i helga til å dele ut informasjon om dette, seier leiar Silje Hoel Fossen (18) i Røde Kors Ungdom i Trondheim.

LES OGSÅ: Fryktar HIV-epidemi i Noreg

Mange fordommar
Silje Hoel Fossen peikar på at det framleis er mange fordommar kring hiv og aids.

– Det er viktig å vite at hiv smittar ikkje ved ein gir kvarandre ein klem eller drikk av den same koppen. Om ein har hiv, betyr heller ikkje det at ein er ein dårleg person. Man må ikkje sjå  på personane som mindreverdige, seier ho.

Les meir om hiv og aids!

Røde Kors Ungdom er blant organisasjonane som jobbar med å få ned talet på smitta personar når det gjeld hiv og andre seksuelt overførbare sjukdomar. Dei vektlegg særleg det å få ut informasjon til aktuelle grupper.

– Nordmenn er verdsmeistarar i å ha sex utan å beskytte seg. Delen som gjer dette er høgare her i landet enn i land vi bruker å samanlikne oss med. Mange har ikkje kunnskap om kva dette kan føre til, seier Fossen.

Til dømes vart 22.000 tilfelle av klamydia oppdaga i 2007, syner tal frå Folkehelsedirektoratet. Dei fleste som vert smitta er mellom 15 og 24 år.

LES OGSÅ: Camilla fortel om livet med hiv

Tre gode råd
Ho har følgjande tre råd til ungdommar om dette temaet:

– For det fyrste er det viktig å alltid bruke kondom. Det er det einaste prevensjonsmiddelet som beskyttar deg mot sjukdommar. For det andre bør alle sjekke seg for kjønnssjukdommar mellom kvar nye seksualpartnar. For det tredje bør ein spørje fagpersonar dersom ein har spørsmål kring seksuell helse og seksuelt overførbare sjukdomar.

Om ein ikkje tør å spørje nokon direkte, anbefaler Fossen helsesidene lommelegen.no og klaraklok.no.

LES OGSÅ: – Hiv kan utryddast

– Det er òg mykje informasjon på helsestasjonar og her kan ein møte fagpersonar og spørje om det ein lurar på. Ein kan òg få gratis kondom, seier Fossen.