Fryktar hivepidemi i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar hiv- epidemi i Noreg

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at det er registrert 4.500 personar med hiv i Noreg. 2008 var eit rekordår, og i 2009 og i fjor vart det registrert ein svak nedgang i talet på registrerte tilfelle. Folkehelsa meiner det kjem av færre hiv-tilfelle blant nye innvandrarar.

Tal frå Hordaland viser at talet på nye hiv-tilfelle no aukar att, melder TV 2.

– Første halvår i år har vi registrert 34 nye hiv-tilfelle, mot totalt sett 30 i heile 2010. Dette er alarmerande og svært uroande. Vi veit ikkje kor lenge desse personane har vore smitta og kor mange dei har smitta før dei kom hit og vart testa, seier professor Birgitta Åsjø ved mikrobiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus.

LES OGSÅ: – Ungdom må med for å vinna kampen mot HIV

LLH-leiar Bård Nylund er uroa.

– Eg synest utviklinga er veldig skremmande. Dei siste ti åra har det vorte smitta dobbelt så mange som det vart dei første 20 åra. For gruppa MSM, menn som har sex med menn, er det ein kjempealvorleg situasjon i Noreg i dag. Om den held fram så vil dette utvikle seg til ein epidemi i vår målgruppe og det ser vi med stor uro på, seier Nylund.

Turid Jorunn Thune, overlege ved hudavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, meiner styresmaktene bør satse meir på førebyggjande arbeid. Ho fryktar at spreiinga kan bli så ukontrollert at den også vil ramme heterofile. Då vil hiv-smitten spreie seg raskt, seier Thune. (©NPK)