Ver ven med deg sjølv og andre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meistringskurset Friends er eit positivt program som lærer ungdom meistring og problemløysing. Konseptet er utvikla av australske Paula Barret, og er teke i bruk både som
førebygging og behandling. Denne hausten startar ei kursgruppe på jordbruksskulen på Voss.

SJØLVKJENSLE PÅ OPPTUR. – Det me ynskjer å oppnå er at dei unge får større tru på seg sjølve, og at dei lærer å tenkja positive, grøne tankar, seier helsesyster Sigrun Rekve. Ho skal leia gruppesamlingane, i samarbeid med Sveinung Nygård frå BUP.

– Ein del elevar finn det problematisk å verta kjende, å ta initiativ, å ta kontakt i kantina og å snakka med andre. Dei treng å verta meir frimodige til å rekkja opp handa, ta ordet i klassen, og å ta kontakt med andre, i staden for å trekkja seg unna og synast minst mogeleg,
seier Sigrun Rekve.

Friends er eit frivillig og førebyggjande program, for å unngå at ein utviklar større problem seinare.

Kurset går over ti samlingar, på halvannan time kvar.

LURE LØYSINGAR. – Det vert ei nettverksgruppe, der ungdomane er med og styrkjer kvarandre og gjev kvarandre lyft. For ungdom er vener ofte det aller viktigaste. I Friends-programmet lærer ein å verta ven med seg sjølv og andre, forklarer Rekve.
Det er ikkje noko mål at stille og sjenerte personar skal endra personlegdom. Men det er eit mål at ein skal læra å kjenna seg sjølv, få øving i å finna lure løysingsstrategiar og å byggja opp eit godt støttelag.
– Eit av måla er at dei ikkje skal gleppa ut av skulen. Det er ofte nett desse som dett ut, fordi dei mistrivst på skulen. Når det er noko ein ikkje meistrar, går det ut over konsentrasjon og motivasjon. Det er enormt viktig korleis ein glir inn i miljøet på skulen. Og me veit at utdanning er bra, også for helsa, seier Sigrun Rekve.

FLEIRE PROGRAM. Friends er berre eitt av programma som vert brukt førebyggjande i dei vidaregåande skulane på Voss. «Hordaland» har tidlegare omtalt Psykologisk Førstehjelpsskrin, utvikla av Solfrid Raknes. Og uttrykka grøntanke og raudtanke er på full fart inn i vossaungdomen sin daglegtale. Eit anna program er VIP. Namnet VIP tilseier at einkvar ungdom er ein Very Important Person, som godt kan få Veiledning og Informa-
sjon om Psykisk helse. VIP-programmet har fått gode tilbakemeldingar frå skulane.

Godt Samspel (Dialog) er eit anna førebyggjande program, som handlar om å skapa eit godt klassemiljø med gode relasjonar mellom elevane og mellom lærar og elevar.

LES AVISA HORDALAND!

Faktaboks

F: forstå eigne kjensler
R: roleg, korleis kopla av
I: indre hjelpsame tankar
E: eit steg om gongen
N: no kan du beløna deg sjølv
D: det er øving som skal til
S: smil og ha det bra