Venstre vurderer å fjerne sidemålskarakter

Noregs Mållag fryktar forslaget vil svekkja nynorsken, men Terje Breivik avvisar at forslaget er ei nedprioritering av sidemål. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vurderer å fjerna sidemålskarakter

I utkastet til nytt partiprogram som Venstre la fram denne veka, opnar dei for å innføre éin felles standpunktkarakter i norsk munnleg, hovudmål og sidemål i den vidaregåande skulen. Til gjengjeld vil partiet ha obligatorisk sidemålseksamen etter Vg2.

Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag meiner ei fjerning av sidemålskarakteren vil bety ei alvorleg svekking for nynorsken.

– Karakterane i norsk skule styrer mykje av undervisninga. Utan eigen sidemålskarakter som standpunkt vil nynorsken stå langt svakare enn før, seier Aasbrenn.

Skriftleg sidemålseksamen
Da liker han betre framlegget om å innføre obligatorisk sidemålseksamen, men ikkje at Venstre vil avslutte undervisninga i sidemål allereie etter andre klasse.

– Noregs Mållag vil enkelt og greitt ha to jamstilte og like norskeksamenar på to ulike dagar ved slutten av tredje klasse, slik det var før trekk-eksamen i sidemål vart innført. Vi vil òg at det skal vere undervisning i hovudmål og sidemål ut tredje klasse, fullt ut med standpunktkarakterar på plass, seier mållagsleiaren.

Aasbrenn synest formuleringa om dette i det gjeldande partiprogrammet står seg betre og rår partiet til å halde fast ved den. Der vil partiet «bedre vurderingsordningen i norskfaget uten at det skal føre til en nedprioritering av arbeidet med sidemål eller til en fjerning av sidemålskarakteren i den videregående skolen».

Partimedlemmene får likevel presentert to ulike formuleringar i programutkastet, den eine går eintydig inn for ein felles norskkarakter og eigen sidemålseksamen, den andre unnlèt å seie noko konkret verken om sidemålskarakter eller eksamen.

Avviser nedprioritering
Terje Breivik, nestleiar i Venstre, meiner kommentaren til Mållaget tyder på at organisasjonen les med briller som gjer at dei har gjort seg opp ei meining før Venstre har konkludert i saka.

Han seier at programkomiteen i Venstre sjølvsagt er heilt samla i at det framleis skal vera sidemål i den vidaregåande skulen og at det dei ønskjer er å få til er ei betre vurdering av norskfaget, men at dei er usamde om korleis dette skal gjerast.

Han avviser også at det eine framlegget er ei nedprioritering av sidemålet.

– Dei som heller mot tilrådinga med éin karakter i norskfaget, vil ikkje seia det same som at sidemålet blir nedprioritert, seier han og strekar under at dei som står for dette synet framleis vil ha eigen karakter i sidemål for å sikra at sidemålet framleis blir prioritert.

Sjølv høyrer Breivik til fløya som går inn for den andre tilrådinga, som ifølgje han går inn for å halda på den same karakterordninga ein har i dag.

– Me meiner vurderinga i norskfaget kan gjerast betre utan å gjera noko med karakterordninga, seier han.

Breivik strekar også under at dette er eit førsteutkast som no skal ut til brei høyring blant Venstre-medlemmene, og at programkomiteen vil koma med den endelege tilrådinga si i desember. Den endelege avgjerda skjer på landsmøtet til Venstre i april neste år.

Opnar for internasjonale grunnskular
I programutkastet opnar elles Venstre for at grunnskular skal kunne ha eit anna undervisningsspråk enn norsk for slik å «sørge for en internasjonalisering av grunnskolen». Aasbrenn og Mållaget gjekk tidlegare i haust sterkt imot Utdanningsdirektoratets godkjenning av eit forsøk med engelsk som undervisningsspråk i første til fjerde klasse ved Manglerud skule i Oslo. Men slike skular vil altså Venstre ha fleire av, ifølgje utkastet til partiprogram.

– Dette er eg særs kritisk til. I den norske skulen bør norsk vere undervisningsspråk, seier Magne Aasbrenn, som òg ser meir positive forslag i programutkastet, mellom anna prioritering av nynorsktilbod i barnehagane, ferdigstilling av Norsk Ordbok, styrking av nynorsk som scenespråk og av norsk språk i akademia.

(©NPK)