Valets kvaler om utdanning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vegen vidare frå vidaregåande skule, kan vera ei vanskeleg avgjerd.

– Ho som hadde presentasjonen om Universitetet i Agder, var skikkeleg flink å snakka for seg. Ho selde Sørlandet på beste måten, med sol, is og dyreparken, seier Kristina Fagerbakke Fosse (22).

Voss gymnas hadde onsdag besøk av fleire universitet og høgskular, alle med mål for auga å få elevane frå Voss jordbruksskule, Voss husflidskule, Voss vidaregåande skule og Rogne vidaregåande skule til å velja akkurat sin stad.

LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar innan 2030

HILDE BERGE er klar for England. Iallfall nesten. Saman med veninnene Margit Sofie Vevle, Gerd Sivertsen Prestegard og Kristina Fagerbakke Fosse har ho gått runden og høyrt på dei ulike presentasjonane til høgskulane og universita som er på besøk.

– Eg har søkt på eit universitet i England, på fornybar energi, men eg skal søkja på skular her i Noreg og, seier Berge.

– Eg trur eg vil søkja på Universitetet i Agder, der òg på fornybar energi.

– Kvifor det akkurat blir fornybar energi, veit eg ikkje, men det har berre blitt sånn, held ho fram.

Kristina Fagerbakke Fosse går siste året på Vatle vidaregåande på påbygging til studiekompetanse. Frå før er ho utdanna kokk, men vil no ta vidareutdanning.

– Eg har lyst å jobba med menneske og ha eit sosialt yrke, men eg er usikker på kva det blir, seier Fagerbakk Åse.

LES OGSÅ: – Styr unna hobbyen som yrke

AT EIN SLIK dag er nyttig, er dei alle einige om.

– Det er veldig informativt og kjekt, seier Sivertsen Prestegard. Ho «snusar» på Universitetet i Bergen, sidan ho alt har eldre sysken som går der.

– Det er jo mest praktisk å gå vidare på skule her på Vestlandet, og eg har to sysken som går på Universitetet i Bergen som snakkar varmt om det å studera der, seier Sivertsen Prestegard.

Berge vil gjerne studera langt vekke frå heimen, noko Vevle heller ikkje har noko imot.

– Eg har alt flytta på hybel for å gå på skule her, seier Vevle som kjem frå Lonevåg. Men kva ho skal studera vidare, er ikkje enkelt å vita.

– Når ein alt har bestemt seg for kva ein vil studera, så er ein slik dag nesten øydeleggjande, for det er så mange val, seier Vevle.

LES OGSÅ: Annankvar ingeniørspire manglar studieplass

I PRESENTASJONANEer det stort fokus på godt studentmiljø, noko som overraskar Fagerbakke Fosse litt.

– Det er eit enormt fokus på studentlivet, og det synest eg er litt overraskande. Eg trudde fokuset skulle vera meir på det faglege. Men det vel slik når ein er student at studentlivet er noko heilt spesielt.

– Det må vera godt for dei som veit kva dei skal gjera til hausten, for det er vanskeleg å velja.

– Det er ikkje enkelt og det er mange ting å tenkja på, seier Paul Marcel (19). Han går siste året på Voss gymnas og vurderer om han skal reisa til Stavanger til hausten.

– Eg tenkjer litt på å studera økonomi, og vil kanskje til Stavanger, Bergen eller utlandet, seier Marcel.

Elevane har nokre månader att å bestemma seg på, søknadsfristen til høgare utdanning er 15. april.

Les saka i Avisa Hordaland!

Les fleire saker om yrkesval her!