Universelt utilgjengeleg

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ytringa var først publisert på nettsidene til Aasen-tunet.

Universell utforming er no eit krav til alle nye nettstader, både for private og offentlege næringar, store som små. Den som skal lage ny nettstad skal ta omsyn til blinde og svaksynte, døve og høyrselsskadde, samt personar med nedsett motorikk og lærevanskar, for å nemne berre nokre av gruppene. Dette er ei naudsynt og kjærkoma forskrift for samfunnet. Difor er det synd at dei nye krava berre inneheld tekniske funksjonar. Den nye forskrifta stiller ingen krav til innhaldet. At den som les teksten også forstår han.

Kven har vel ikkje rive seg i håret i frustrasjon over å ikkje forstå eit regelverk, eit skjema eller ein uttale i ei pressemelding? Kvifor vel nokre vanskelege ord framfor lettare ord?

For fleirtalet trur eg ikkje det handlar om å briljere med faguttrykk og framandord. Eg trur det handlar om at ein rett og slett gløymer å tenkje på kven som skal lese det ein skriv. Ein tek seg ikkje tid til å setje seg inn i mottakaren sin ståstad.

Dette handlar verken om bokmål eller nynorsk, men om klarspråk. «Korrekt, klart og brukartilpassa språk i tekstar frå det offentlege», ifølgje Språkrådet. Og det er god hjelp å få. Språkrådet har gode sider for dei som ønskjer å bli betre på å tilpasse innhaldet til den som skal lese og forstå. Gode tips og døme på korleis ein kan forenkle ein tekst. Men det er altså opp til kvar einskild bedrift å prioritere det. Det er eit val, ikkje eit krav.

Mine språkauge ser at det hjelper lite med teknisk gode nettstader dersom ikkje brukaren forstår innhaldet. Eit par teknikarauge vil heilt sikkert snu på problemstillinga og seie at det er liten vits i gode tekstar dersom brukaren ikkje finn fram til dei. Vi har begge rett.

Utforming og innhald høyrer saman. Dei treng kvarandre.

No er krav til utforming på plass, men ikkje til innhaldet. Og då er vi vel i praksis like langt?