Sydenfyll rammar borna

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år vert rundt 30.000 norske barn ramma av alkoholkonsumet til foreldra på Syden-ferie, syner ei undersøking.

I undersøkinga, som SynovateNorge har laga, er 1.225 personar i alderen 8 til 25 år spurte om dei har opplevd ubehag som følgje av rusbruken til foreldra. 30 prosent av dei som svarte ja, oppgir at høvet var sydenferie, skriv Aftenbladet.

– Vi får grufulle historier frå anonyme varslarar om sanselaust fulle foreldre som hentar barna sine i bamseklubben i Syden på ettermiddagen, seier generalsekretær Marius H. Sørensen-Sjømæling i Barn av rusmisbrukere (BAR).

LES MEIR: Hundar er som born

Nyttårsaftan, sommarferien, julaftan og familieselskap vert oftare oppgitt som høve for ubehaget.

I ei anna undersøking, som Ipsos MMI har gjort for alkovettorganisasjonen Av og til, går det fram at éin av fire nordmenn såg foreldre som var rusa saman med barna sist dei var på ferie, skriv VG.

Organisasjonen bed norske foreldre om å tenkje gjennom alkoholvanene sine før dei dreg på ferie med barna i sommar.

– Dette er eit veldig høgt tal. For at ein skal oppfatte andre som rusa, har dei drukke ein del. Ikkje berre nippa til eit glas vin, seier Av og til-leiar Kari Randen.

LES MEIR: Reagerer på nynorsk vin