Studie: Kanel kan få deg til å læra betre
– Dette kan vera ein av dei tryggaste og enklaste måtane å få dei som ikkje lærer lett til å læra betre, seier forskaren som leia studiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eit ny studie, omtalt i Science Daily, har hatt oppløftande resultat i ei studie som undersøkte læreevna hos mus. Studiet vart gjort ved Rush University Medical Center i Chicago, og forskarane såg at mus som hadde blitt mata med kanel lærte betre og hugsa betre.
– Dette kan vera ein av dei tryggaste og enklaste måtane å få dei som ikkje lærer lett til å læra betre, seier Kalipada Pahan, som leia studiet. I dag veit me lite om kva som gjer at nokon lærer lettare enn andre, og dette kan bidra til at me lærer meir – sjølv om det berre er ei studie som viser dette så langt.
Forskarane såg at kanelen gjorde at hjernen fekk omdanna meir av stoffet natriumbenzoat, som også blir brukt til å behandla hjerneskader.
Her er tre andre ting som kan gjera at du lærer betre, ifølge forsking:
Om du spelar dataspel, spesielt actionspel, kan du få betre hand-auge-koordinasjon.
Og sjølvsagt – dersom du beherskar nynorsk, vil du gjera det betre på skulen, ifølge forsking.