Streikar for å bli kvitt leksene

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leksestreik over heile landet

Onsdag føremiddag gjekk elevar rundt om i heile landet til streik for å få fjerna lekser i skulen. Tanken er at lekser er med på å auke skilnadane mellom elevar med ressurssterke foreldre og dei elevane som ikkje får like mykje hjelp av foreldra.

Færre deltakarar i år
Streiken kvalifiserte til gyldig fråver frå vidaregåande skule, såkalla politisk fråver, og i fjor var heile 45000 elevar påmelde på demonstrasjonane på Facebook – noko som tilsvarar 10 prosent av elevmassen på ungdomsskulen og vidaregåande.

Men i år er talet påmeldte på Facebook mindre enn ein tiandedel av fjorårets. Seher Aydar, generalsekretær i Rød Ungdom, meiner opplegget i fjor var annleis og at det ikkje kan samanliknast med årets streik.

– Over 1000 elevar møtte opp i heile landet. Vi er veldig fornøgde med dagens streik, og særleg var oppmøtet stort i Trondheim, seier Aydar, som føler at ein har kome eit steg vidare i kampen mot leksene.

LES OGSÅ: Tilbakeviser myten om at ungdom er latare enn før

Lekser er urettferdige
Anja Rolland, medlem av partiet Raudt i Bergen, uttalte til Bergens tidende onsdag at «lekser er urettferdige og favoriserar elevar med ressurssterke foreldre».

Og forsking viser at det er tvilsamt om lekser har like god effekt på elevar frå mindre ressurssterke familier som det har på andre. Statistisk sentralbyrå har funne ein samanheng mellom elevars skuleprestasjonar, lekser og sosioøkonomiske bakgrunn:

– Elevar med låg sosioøkonomisk bakgrunn som får mykje lekser, presterer dårlegare enn elevar med tilsvarande bakgrunn som får mindre lekser, seier forskar Marte Rønning til Forskning.no

Dette samsvarar med ei internasjonal oppsummering av forskingsfeltet, som kan lesast i amerikanske Center for public education.

LES OGSÅ: 45.000 påmeldte i storstreik mot lekser i skulen

Unge Høgre støttar ikkje tanken
Erik Skutle, leiar i Hordaland Unge Høgre, er sterkt i mot tanken på at mindre lekser skal fungere positivt på læring:

– Fjerner vi leksene reduserer vi kvaliteten i den norske skulen, uttalte han.

– Det er ikkje eit problem at nokon er for flinke i den norske skulen, det er derimot eit problem at den einskilde ikkje opplever nok meistring. Å fjerne leksene løyser ikkje det. Ingen har nokonsinne blitt mindre flinke av å gjere lekser, hevdar Skutle i Bergens Tidende.

Andre løysingar enn lekser
Seher Aydar er samd med Erik Skutle i at ein må heve kvaliteten i den norske skulen, men vil gjere det på ein annan måte enn lekser:

– Eg er samd i at det er mange utfordringar i skulen, men for å løyse desse problema vil vi i staden for lekser ha inn fleire lærarar i skulen, og redusere talet elevar per klasse, seier Aydar til Framtida.no. 

– Lekser dekker over problema meir enn dei løyser dei, meiner generalsekretæren i Rød Ungdom.

LES MEIR: Portrettintervju med Seher Aydar, som vil ha eit klassefritt samfunn

Positiv effekt av mindre lekser i Danmark
I Danmark har ein i fleire år sett gode effekter av å kutte lekser på vidaregåande. På det tekniske gymnaset Cph West i København har dei gått over til å gjere leksene i skuletimane, og i staden innført to ekstra skuletimar i veka. Her vart fråfallet redusert med 15 prosent, og fråveret med 10 prosent, ifølgje Utdanningsnytt.

Same forsøket har ein hatt på Tønder gymnasium på Jylland. Her har gjennomsnittskarakterane stige med 1,1 på ein skala frå 1-7, og fråfallet har blitt redusert frå 30 til 15 prosent, ti prosent under det danske landsgjennomsnittet.

Skulen forsterkar sosiale skilnader
Rakel Rohde Næss har som doktorgradsstipendiat forska på samamhengane mellom lekser og sosiale skilnader. Ho meiner at skulen forsterkar sosiale skilnader:

– Vi har empiri for at dei som får dei beste karakterane, er elevar som har foreldre med høgare utdanning. Vi har også kunnskapar om kven det er som droppar ut av vidaregåande skule, også der ser vi at heimeforhold spelar ei stor rolle, uttalar ho til Forskning.no

– Dette viser at skulesystemet er for rigid og ikkje evnar å få til det overordna prinsippet om tilpassa opplæring, meiner forskaren.

Trur du ein lærer meir utan lekser? Diskuter under!