– Eg vil ha eit klassefritt samfunn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Engasjert av urett

Torsdag 12. april byrjar landsmøtet til Raud Ungdom. Seher Aydar stiller til val som leiar i ungdomspartiet som ved nyttår hadde 751 medlemmar, 150 fleire enn året før.

Kvifor er det bruk for Raud Ungdom?

– Raud Ungdom har stått i spissen for mange viktige saker. Dei to siste årene har vi tatt ut elevar i streik for leksefri skule, vore med å organisera fleire hundre til å aksjonera mot venleikstyranniet, jobba aktivt mot rasisme og mykje meir. Me er optimistar, og har samla oss i Raud Ungdom fordi me meiner det er muleg å gjera Noreg til ein mykje betre stad.

– Raud Ungdom er det trong for fordi vi treng nokon som tør å handla der andre snakkar. Raud Ungdom vil forandra verda, me startar lokalt. Me har eit mål om eit klasselaust samfunn der ingen blir undertrykt.

Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Urettferdigheit. Då eg skjønte at det eg oppfatta som tilfeldig urettferdigheit eigentleg var systematisk undertrykking blei eg engasjert. Då tenkjer eg på at kvinner tener 85 prosent av det menn gjer, du har 25 prosent mindre sjanse til å bli kalt til jobbintervju med utanlandsk namn. I dag blir bedriftseigarane rike på at folk jobbar for dei, samtidig som politikarar ikkje er villige til å høyra på arbeiderrørsla når me seier nei til vikarbyrådirektivet.

– Dei som skaper verdiane har mindre makt enn politikarar og rikingar. Eg blei engasjert da eg skjønte at alt dette var uttrykk for det same systemet og at det går an å forandra det.

Du uttalte til Aftenposten at: ”Da jeg oppdaget at Rød Ungdom var et politisk parti, tenkte jeg først: Men jeg hater jo politikere! Jeg kan ikke bli medlem! Men man kan ikke klage på alt heller, man må gjøre noe.”
Kva saker er det du brenn for og vil gjera noko med?

– Eg vil først og fremst endre strukturane som gir nokre betre mulegheiter enn andre. Eg vil ha eit samfunn utan klassar. I første omgang skal eg jobbe for leksefri skule, antirasisme og feminisme.

– Eg vil jobba for faste tilsetjingar, for at alle skal få høve til å jobba uavhengig av bakgrunn, for eit samfunn utan trakassering og diskriminering. Eit samfunn der ein bidrar med det ein kan, og får det ein treng.

LES OGSÅ: Storstreik mot lekser i skulen

Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Det er mange ungdom som er engasjert, dei slit med å bli høyrt. Mykje av grunnen er at me har politikarar som er opptatt av å vinna valet, dei seier det folk vil høyra for å få stemmer, men det er lite vilje til å ta tak i dei verkelege problema. Eg trur dei kan bli høyrt ved å utvida demokratiet.  

Kva blir forskjellen på deg som leiar av Raud Ungdom og Iver Aastebøl, som no takkar av?

– Eg er litt skarpare i kantane. Eg kjem til å dra inn fleire perspektiv i norsk politikk.

Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar?

– Eg er for stemmerett til 16-åringr. Det vil utvide demokratiet og tvinga politikarar til å høyra på ungdom.

LES OGSÅ: Delt på midten om røysterett

Faktaboks

Namn: Seher Aydar
Alder: 22 år
Skule/arbeid:
Generalsekretær i Raud Ungdom
Medlem i:
Raud Ungdom, Handel og Kontor, Rødt, Press, Ungdom mot EU, Palestinakomiteen, Kvinnefronten, Norsk folkehjelp Ungdom og UngKurd i Norge.
Kva gjer du i fritida/hobby:
Dei fleste fritidsaktivitetar er på vent. Bruker den tida eg har på venner, familie og trening.