Barneombodet: – Alvorlege manglar i helsetilbodet
Helse-Noreg lyttar ikkje til barna, altfor få overgrepsutsette barn blir undersøkte av lege og altfor mange traumatiserte flyktningbarn får ikkje hjelp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er blant konklusjonane frå Barneombodet, som gir delar av det norske helsetilbodet strykkarakter i den nye rapporten «Helse på barns premissar».
Barneombodet har lagt stor vekt på at barn sjølv skulle få komme til orde, noko dei meiner manglar i det norske helsetilbodet for barn og unge.
– Barn og unge er sjølve ekspertar på eige liv, og vi må bli mykje flinkare til å lytte til deira eigne erfaringar, sa barneombod Anne Lindboe då ho la fram rapporten i Oslo torsdag.
LES OGSÅ: Fryktar dårlegare helsetilbod for unge
Rapporten viser at barn som er blitt utsette for vald og seksuelle overgrep, ikkje får god nok hjelp og oppfølging. Eigne overgrepsmottak for barn, ei medisinsk undersøking for å sikre rettstryggleiken til barnet og styrkt kompetanse om vald og seksuelle overgrep i alle ledd i helsetilbodet er nødvendig for at behandlingstilbodet til traumatiserte barn skal fungere, meiner Barneombodet.
Helsesituasjonen til barn med fluktbakgrunn bekymrar også barneombod Anne Lindboe. Rapporten etterlyser eit styrkt helsetilbod til barn både i og utanfor asylmottak. Barneombodet meiner vidare at alle barn må få lovfesta rett til barnehage, uavhengig av opphaldsstatus. (©NPK)
LES OGSÅ: – Barn får munnkorg om overgrep