Språkomsyn må på plass

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samanslåing går ut over språket

I mai la regjeringa fram kommuneproposisjonen, ein plan om korleis det skal bli færre kommunar her i landet. Regjeringa lokkar med gåver og romslege støtteordningar for å få kommunane til å slå seg saman.

–  Kommunereforma kjem uansett. Spørsmålet er når. Vi bør gjennomføra denne reforma no framfor å venta til vi må, for då blir det mykje meir smertefullt, seier Sanner.

I den tidsplanen som Sanner no legg fram for Stortinget, er det lagt opp til at kommunane kan starta prosessen til hausten. Neste vår vil kommunalministeren leggja fram forslag til kva oppgåver kommunar som har vorte store nok, kan overta frå stat og fylkeskommune. Det endelege forslaget til ny kommunestruktur skal regjeringa leggja fram våren 2017, og det nye Kommune-Noreg skal stå klart 1. januar 2020.

LES OGSÅ: Semje om kommunereforma

Opp til kommunane

Kva konsekvensen kan bli for nynorsk, har ikkje regjeringa teke større omsyn til. I proposisjonen står det: ”Det er kommunene selv som avgjør hvilken målform som skal brukes i kommunen. Departementet legger til grunn at kommunene selv finner gode løsninger på språkutfordringene når de gjennomfører de lokale prosessene”.

– Dette er for dårleg, meiner Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, som i slutten av mai la fram Mållaget sitt syn under ei open høyring i Stortinget.

– Korleis ser regjeringa at dei små nynorskkommunane skal løysa det i møte med store bokmålskommunar? Her lèt departementet mindretalet i stikken. Dette er oppskrifta på mindre nynorsk.

Ho peikar på at det er eit nasjonalt ansvar å sikra gode vilkår for begge dei norske språka våre, og særleg å verne om det mindre brukte av dei to. Å lata kommunane avgjera dette sjølve står i sterk kontrast til omsynet ein tek til det samiske minoritetsspråket i same proposisjon. I proposisjonen vert det slege fast at ”Regjeringen er opptatt av å ta vare på samisk språk, og vil vektlegge at samiske språkbrukere ikke kommer dårligere ut som følge av endringer i kommuneinndelingene”.

LES OGSÅ: Vil slå saman fylke.

Treng strukturar

– Det er gledeleg at regjeringa ser kor viktig dei samiske kommunane og det samiske forvaltingsområdet er for å halda oppe bruken av samisk språk, seier Tennø.

– Samisk er eit mindre brukt språk, difor er det naudsynt med område der samisk er majoritetsspråket. Slik skil heller ikkje samisk seg frå nynorsk. Mindre brukte språk treng strukturar som kan demma opp for presset frå majoritetsspråket. Desse strukturane er det regjeringa sitt ansvar å få på plass. For nynorsken er det heilt avgjerande at det vert tenkt språkpolitikk ved eventuelle samanslåingar, og at kommunesamanslåingar ikkje må skje når det kan få negative konsekvensar for nynorsken.

Ho syner til døme frå Finland som har vore gjennom den same prosessen. I arbeidet med å utforma eit nytt finsk kommunekart har språklege omsyn vore styrande for prosessen. Etter den finske kommuneinndelingslova heiter det at dersom kommunesamanslåinga trugar den språklege statusen til eitt av språka i alvorleg grad, så kan ein forkasta samanslåinga.

–Kva skjer med den vesle nynorskkommunen Åseral med 906 innbyggjarar og berre nynorskklasser, spør Tennø.

– Dei vil nok kunna finna litt støtte frå den språknøytrale nabokommunen Audnedal som berre har nynorskklasser, men dei vil framleis verta ein liten minoritet om ein vel å slå dei saman med Marnadal, Lindesnes og Mandal slik nokon har teke til orde for. For kva er 2593 innbyggjarar  i Åseral og Audnedal, mot det store fleirtalet på 22.212 i Marnadal, Lindesnes og Mandal? Etter den finske kommuneinndelingslova ville ei slik samanslåing kunna stoggast av språklege omsyn. Men finsk lov gjeld ikkje i Noreg. Og i proposisjonen føreslår ein å overlata kommunane til å finna ut av dette sjølv. Me fryktar at det nynorske mindretalet då fort taper.

Må ta vare på kjerneområde

Ho er også oppteken av at nynorsken får lov til å vera i fleirtal somme stader i landet. Slår ein saman små nynorskkommunar med store bokmålskommunar, skaper ein nye mindretal som gjer det vanskelegare å halda på nynorsken. Det er i desse tilfella at det vil oppstå strid om språkval i kommunane. 

– Det er i nynorskkommunane ein i dag møter mest nynorsk, og me veit at stoda for nynorsken heng tett saman med bruken av nynorsk. Me ser at nynorsk opplæringsmål i skulen er meir robust der nynorsken er det vanlege brukte språket utanfor skulen. I dei sterkaste nynorskområda har nynorsken styrkt seg dei siste 20 åra. Mykje bruk av nynorsk avlar meir nynorsk, på same måte som me ser at nynorsken er under mest press der bokmålet er mykje brukt. Det vert vanskeleg å halda på språket sitt i det ein hamnar i tydelege mindretal, seier Tennø.  

Om det blir samanslåingar, må nynorskbrukarane sine behov og rettar sikrast på ein heilt annan måte enn dei gjer i dag.

– I dag ser me at kommunar som går frå å vera nynorskkommunar til å verta språknøytrale, i praksis vert bokmålskommunar. Med det aukar språkassimileringa: det vert vanskeleg å halda på nynorsken i eit samfunn der ein ser svært lite nynorsk rundt seg, seier Tennø.

Saka vart først publisert i Norsk Tidend.

Faktaboks

Kommuneproposisjonen 2015

Frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Fremja i statsråd 14.05.2014

Ligg no til handsaming i Kommunal- og forvaltningskomiteen

Saksordfører er Helge André Njåstad (FrP)

Frist for innstilling: 12.06.2014