Spår dramatisk auke av stormflo og flaum
Det vil bli oftare flaum ved stormflo i byar som Bergen og Stavanger utover i dette hundreåret, ifølgje ein ny rapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi kan vente at flaumar som før berre skjedde kvart 200. år, vil inntreffe årleg i byar som Bergen og Stavanger i dei siste tiåra av dette hundreåret. Nivået på stormfloene vil bli høgare. Dette vil auke risikoen for flaum og skadar, seier forskar Jan Even Øie Nilsen til Bergens Tidende.
LES OGSÅ: Klimaforskarar på djupt vatn
Han baserer spådommane sine på ein ny rapport om havstiging og stormflonivå som blir lagt fram onsdag.
Ifølgje studien, som er utført av forskarar ved Kartverket og Nansensenteret/Bjerknessenteret i Bergen, vil risikoen for flaum ved stormflo auke over heile landet.
Verst utsett av dei store byane er Bergen og Stavanger.
I Bergen vil den generelle havnivåstiginga kunne bli mellom 30 centimeter og 80 centimeter i år 2100 viss den noverande takten i dei globale klimagassutsleppa fortset, har forskarane rekna ut. (©NPK)
LES OGSÅ: «Pausen» i global oppvarming