Sommarjobb ledig som isbjørnvakt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne jobben krev våpenrøynsle

Sysselmannen på Svalbard søkjer etter ein eigen isbjørnvakt i juli.

– I samband med dokumentasjon av fangsthytter i Hornsund-området treng vi isbjørnvakt for ein trevekers periode, heiter det i utlysingsteksten.

Hornsund er ein fjord på sørvestsida av Spitsbergen. Fjorden er, ifølgje Wikipedia, eit viktig leveområde for isbjørn, og det viktigaste trekket for dyra mellom Storfjorden og Vest-Spitsbergen går her. Berre nokre få forskarar bur fast i Hornsund, men det er mange restar av kvalfangarstasjonar, fangsthytter, graver og forskingsinstallasjonar.

LES OGSÅ: Gløymt å søkje sommarjobb?

Også på Svalbard prøver dei å rekruttere kvinner og folk med minoritetsbakgrunn, så slike blir spesiell oppfordra til å søkje. Kvalifikasjonane isbjørnvakta elles må ha er desse: røynsle frå feltliv, røynsle med isbjørnsikring og bruk av våpen – og dessutan ein tilfredsstillande vandel. Is i magen er truleg òg ein fordel.

Det finst omkring 3.000 isbjørn på Svalbard. (©NPK)

Les meir om sommarjobb her!