Gløymt å søke sommarjobb?

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gløymt å søke sommar- jobb?

Håpet er enno ikkje ute dersom du ikkje har fått deg sommarjobb. På jobbportalar som nav.no, deltidsjobb.no og finn.no finst det mange stillingar der søknadsfristen ikkje har gått ut.

– I mars blei det lyst ut 4900 nye ferievikarstillingar hos oss, så det er framleis muleg å skaffe seg ein jobb i sommar, fortel rådgjevar Johannes Sørbø i Nav.

Av dei utlyste stillingane er det mange ledige innan helse- og omsorgssektoren. Eit søk i  nav.no viser at det òg trengst ferievikarar til hotell, museum, bankar og kyrkjegardar. Innan reiselivsbransjen er det stort behov for vikarar om sommaren, til dømes på populære turistdestinasjonar som Geiranger.
 
Ver oppsøkjande
Sørbø oppmodar dei som enno ikkje har skaffa seg sommarjobb til å sjekke kva stillingar som ligg ute.

– I tillegg er det mange sommarjobbar som aldri blir utlyste.  Det lønner seg derfor å høyre med vennar og familie om dei veit om ledige stillingar, samt ta direkte kontakt med bedrifter.

Og er du av dei som har lyst til å kombinere jobb og tur til utlandet, kan nordjobb.net formidle sommarjobbar for ungdom mellom 18 og 25 år i Danmark, Finland, Island og Sverige.

God avkastning
Sjølv om det kan vere freistande å berre ha ferie, så er sommarjobb ei god investering som både gir tjukkare lommebok og erfaringar ein kan drage nytte av seinare.

– Ved å ha sommarjobb får ein erfaring som kan vere relevant seinare i arbeidslivet. Det er fint å ha på CV-en, samtidig som ein kan finne ut kva ein likar å jobbe med – og ikkje likar, seier Sørbø i Nav.

Faktaboks

5 tips for å finne sommarjobb:


1.Sjekk ut jobbportalar som deltidsjobb.no, finn.no og nav.no. Søk på ord som ferievikar og sommarjobb.


2.Sjå etter stillingslysingar i lokalavisa di.


3.Bruk nettverket ditt, la folk få vite at du er på jakt etter sommarjobb. Plutseleg så veit ei tante eller ein venn av ein venn om ein arbeidsplass der dei treng folk i sommar.


4.Sjølv om ei bedrift/ein butikk ikkje har lyst ut ledige stillingar, så kan det vere dei treng folk likevel. Det skadar ikkje å spørje! Oppsøk arbeidsplassen der du kunne tenke deg å jobbe, presenter deg og legg igjen ein CV.


5.Ikkje ver kresen!