Svalbard står utan panteordning: – Eit paradoks
Natur og Ungdom meiner det er eit paradoks at flasker og boksar ikkje kan pantast på Svalbard. No krev organisasjonen ei panteordning også på øygruppa.
Flasker og boksar kan pantast over heile Noreg, men ikkje på Svalbard.
Det vil Natur og Ungdom gjere noko med. På landsmøtet tidlegare i år vedtok organisasjonen samrøystes ei fråsegn der dei tek til orde for å innføre ei panteordning også på Svalbard.
– Det er eigentleg eit lite paradoks at den delen av Noreg der ein kanskje ser klimaendringane aller tydelegast, skal ha fritak frå den norske panteordninga. Det er jo heilt bakvendt, seier Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom, til Framtida.
Klima- og miljødepartementet peikar på at panteordninga heng saman med miljøavgifta på drikkevareemballasje.
– Miljøavgifta gir bransjen motivasjon til å samle inn så mange flasker og boksar som mogleg, og skal bidra til å redusere forsøpling. Lova som regulerer miljøavgifta, særavgiftslova, gjeld ikkje på Svalbard, skriv statssekretær Kristoffer Hansen (Ap) i ein e-post til Framtida.
Departementet viser til at Svalbard har ei særstilling etter Svalbardtraktaten. Skattar og avgifter kan berre innførast dersom det er behov for det, og skal kome området til gode.
Eit tema alle var samde om
Losnegård fortel at initiativet til fråsegna kom frå Anders Tuxen i lokallaget på Svalbard.
– Den tok kanskje ti minutt å behandle. Då veit ein at dette er eit tema vi alle kunne bli einige om.
Natur og Ungdom meiner pantesystemet er eit godt døme på korleis økonomiske insentiv kan få fleire til å resirkulere.
– Det lettaste er at det skal lønne seg å leve miljøvennleg. Det er heilt logisk at vi bruker den pantemodellen som har fungert så bra, til korleis vi kan gjenvinne mykje anna enn berre plastflasker og boksar, seier Losnegård.
Ho peikar på glas og hermetikk som døme på emballasje ho meiner òg burde omfattast av ei panteordning.
Infinitum: – Har vore lita interesse
Infinitum, som driv den norske panteordninga, skriv i ein e-post til Framtida.no, at dei i utgangspunktet ikkje etablerer eigne mottaksstader for pant.
– Vi er avhengige av at ein eller fleire utsalsstader set opp og driftar ein panteautomat. Endå viktigare er det at produsentar og utsalsstader innfører pant på produkta. Dersom dei to føresetnadene er på plass, har vi moglegheit til å setje opp eit system på Svalbard, skriv informasjonsdirektør Randi H. Varberg til Framtida.
Ifølgje Infinitum har tidlegare undersøkingar vist at interessa blant både utsalsstader og avfallsaktørar på Svalbard har vore lita.
– Klimakrisa er dyrare enn eit pantesystem på Svalbard
Natur og Ungdom meiner ikkje argument om kostnader eller praktiske utfordringar bør stå i vegen for ei panteordning.
– Det er mykje som er vanskeleg. Klima- og naturkrisa er endå vanskelegare, og mykje dyrare enn det vil vere å innføre ei panteordning på Svalbard. Når ein seier at klimatiltak er for dyre, har ein ikkje sett føre seg prisen vi må betale dersom vi ikkje gjer noko.









