Sommarjobb: Anna (13) styrer det historiske Post- og telemuseet i Lærdal
Som sin første sommarjobb skal 13-åringen ta imot både lokale folk og turistar som vil læra meir om Lærdal si historie.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sommarjobb: Anna (13) styrer det historiske Post- og telemuseet i Lærdal
– Eg var litt spent, seier Anna Grøttebø Brooks, 13.
Førre torsdag opna ho Post- og telemuseet i Lærdal for første gong i sommar.Museet ligg midt på Lærdalsøyri, i eit historisk bygg frå 1840-talet.

Streng beskjed: Folk fekk streng beskjed frå Nationalforeningen mot tuberkolose. Eit innblikk i ei anna tid, definitivt! Bilde: Sunniva Knutsen
Inne i lokalet kan ein skimte alt i frå telegrafar og skrivemaskiner til frimerke og andre relikviar. Favoritten til Anna det gamle sentralbordet:
– Det er litt kult å sjå korleis folk hadde det før, og kva dei måtte gjera for å koma i kontakt med kvarandre, seier ho.
- Les òg: Under ein månad att til Målrock
– Vanskeleg å få jobb
Anna fortel at det kan vera vanskeleg å skaffa seg jobb når ein er under 15 år, og at ho fekk denne jobben ved eit heldig tilfelle.

VERNEVERDIG: Det historiske bygget frå 1840-talet som ligg midt på Lærdalsøyri har tittel som verna kulturminne av Riksantikvaren. Foto: Sunniva Knutsen
Grand-onkelen hennar, Magne Grøttebø, er leiar for kultur i Lærdal. Ein dag spurte han om ho kunne tenka seg å prøva å jobba på museet i sommar, noko ho takka ja til.
Sjølv tykkjer ho at det er spanande å vera tett på lokalhistoria, men at ho ikkje kan så mykje om temaet endå.
– Eg har tenkt å byrja å lesa meg opp på det no, det er jo eigentleg ganske interessant, seier Grøttebø Brooks.
Les også: Simon (24) syner fram svenske villdyr i sin sommarjobb
– Kjekt å tene eigne pengar
Tidlegare har ho jobba litt på kaféen på Galleri 13 i Lærdal, men jobben på Post- og telemuseet er den første sommarjobben hennar.

RIKSTELEFON: Korleis høyrest denne ut, trur du?
– Det er spanande! Det er òg veldig kjekt å tene sine eigne pengar, seier ho.
Kva skal du bruke pengane på?
– Det veit eg faktisk ikkje, mest sannsynleg spare dei, seier Grøttebø Brooks med eit smil.
Les også: LOs sommarpatrulje avdekkjer brot kvar dag
Verneverdig bygg
I 1858 opna telegrafstasjonen i Lærdal, som ein mellomstasjon for Bergen og Oslo. Den gong heitte han Leridalsøren Telegrastation.
I 2018 vart bygget verna av Riksantikvaren som eit historisk kulturminne.
– Me har hatt opplysningstenesta der i alle år. Det har vore hotell, det har vore apotek – litt av kvart, seier Magne Grøttebø.

KJENTE FJES: Blant mange kjente norske stilistar som prydar veggane, er Knut Hamsun og hans første kone Marie Hamsun to av dei. Bilde: Sunniva Knutsen
Han fortel at museet er eit resultat av eit samarbeid med Norsk Telemuseum, der målet er å bevara kulturhistoria.
Museet er ope nokre få veker kvar sommar, i år held det ope fram til byrjinga av august. Då skal det bli fornya.
– Me skal installera nokre nye element. Sjølv om det er fint slik det er, så blir det spanande med noko nytt, seier Grøttebø.
Les også: Sommarjobben deira: Å leike med ungane i barnehagen