Snusing på skular kan bli kriminelt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her kan snusing bli kriminelt

Statistikkane har dei siste åra vist at talet på unge som røykjer stadig går ned, men at snusen blir meir og meir inn.

Forslaga til endringar i tobakksskadelova skal behandlast av helse- og omsorgskomiteen i byrjinga av mars. Ved Årstad videregående skole i Bergen er ikkje alle einige i at forbodet mot snus og røyk har noko for seg.

LES OGSÅ: Flest jenter på røykeområda

– Kva endring vil det føra til, spør Filip Rødder (20) i eit intervju med Bergens Tidende.

Han trur ikkje eit tobakksforbod vil få noko å seia i praksis. Rektoren ved skulen legg ikkje skjul på at det kan bli vanskeleg å overhalda ei slik lov dersom ho skulle bli ein realitet.

– Å passa på dei som snusar er ei utfordring. Det er mykje lettare å sjå kven som røykjer. Innandørs kan vi kanskje oppdaga det, men utandørs er det vanskeleg å følgja med på, seier han til avisa.

LES OGSÅ: Alkohol og tobakk for 16-åringar

I sju norske fylke er det allereie eit totalt tobakksforbod på vidaregåande skular, men no kan det altså bli forbode ved lov. (©NPK)

Kva synest du forslaget?