Slik vil ho bli kvitt skjult mobbing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier Kari Myklebust. Ho er busett i Alversund, arbeider som lærar og har nyleg gitt ut boka «Skjult mobbing i skolen»

Artikkelen var først hos Avisa Nordhordland

Foreldra må vite
– Opplever du at barnet ditt vert utsett for skjult mobbing, vil eg råda til å kontakte skulen. Ikkje kontakt eventuelle mobbarar sine foreldre på eiga hand, seier Myklebust, som meiner at skulen skal ha gode rutinar på slike situasjonar. Slik unngår ein misforståingar og at mobbarane får tid til å samordne felles forklaringar. 

Boka ho har skrive er retta mot lærarar og andre skuletilsette, men foreldre er også ei klar målgruppe. 

– Foreldra må vite kva dei skal sjå etter. Det er vanleg at ofre for skjult mobbing ikkje seier ifrå heime, då dei kan vera flaue over det som skjer. Eit råd då er å følge med på korleis dottera har det. Legg og til ein open tone, utan å pressa på, seier Myklebust. 

LES OGSÅ: Færre elevar seier dei blir mobba

Jente- og gutemobbing?
– Vi skil mellom direkte og indirekte mobbing, fortel Myklebust, og fortel at den direkte mobbinga nok er mest utbreidd hos gutane, med spark og slag.

– Indirekte mobbing kan arte i form av sladder, baksnakking, manipulering, isolering, seier ho, og legg til at denne typen mobbing vil ofte vera vanskelegare å fanga opp, sidan plaginga bevisst vert halde skjult. 

– Jenter mobbar nesten utelukkende på denne måten. Jenter har ofte god relasjonell kompetanse, og dei kjenner oftast ofra sine godt. Dei veit akkurat når og kvar dei skal slå til. 

LES OGSÅ: Blei trua med valdtekt – tok kontakt med mødrer

Engasjert
Forfattaren er sjølv oppteken av emnet. Ho skreiv masteroppgåve om temaet i 2008, og arbeider no som lærar.  

– Eg er oppteken av at skulane og foreldra får meir kunnskap om skjulte mobbeformer, slik at det mobberelaterte arbeidet vert meir effektivt, seier ho. 
 

– Eg er spesielt oppteken av førebygging, og at vi vaksne må stå fram som gode rollemodellar for våre barn. I skulesamanheng er det viktig med eit jamt fokus, og at kvar klasse regelmessig har samtaler om det sosiale miljøet, fortel ho. 

– Læraren må kjenne elevane sine sosiale relasjonar, så det vert lagt merke til endringar.

LES OGSÅ: Ingen greip inn då Julie (16) vart mobba