Blei trua med valdtekt – tok kontakt med mødrer

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kontakta mødrer etter trugsmål

Alanah Pearce melder dataspel for lokale radiostasjonar og tv i Brisbane i Australia. Ho har òg sin eigen YouTube-kanal. Fleire gonger har ho opplevd å bli plaga på nettet og har mottatt fleire trugslar om valdtekt.

– Nokre gonger sender unge gutar meg valdtektstruslar på Facebook, så no har eg byrja å fortelja mødrene deira, skreiv ho på Twitter sist fredag.

Ho la òg til eit bilde av kva ho skreiv til mora til ein av gutane som trua henne. Sjå under:

 

 

Twitter-meldinga til Alanah Pearce er no retweeta over 37.000 gonger.

– For ei stund sidan fann eg ut at ein god del av folka som sender meg ekle og svært seksuelt lada kommentarar på nettet ikkje er vaksne menn. Det viser seg at det for det meste er unge gutar. Problemet er at dei ikkje veit betre, så å svara dei på ein rasjonell måte ikkje vil løysa nokonting, seier Pearce til den britiske avisa The Guardian.

LES OGSÅ: Jævla feministhore

Pearce skreiv i fjor vår om opplevingane hennar med sextrakassering i teksten 30 Days of Sexism. Etter kvart har ho byrja å kjenna på kommentarane som verkeleg ubehagelege. Det var då ho fann ut at ho ville sjå nærmare på Facebook-kontoane til dei som plaga henne. Det var lett å finna ut kven som var mor til gutane.

Så langt har ho berre fått svar frå éi av mødrene. Mora svarte at ho ville snakka med guten sin.

Pearce er ikkje åleine om å bli plaga av dataspelande gutar. Etter at bloggaren Anita Sarkeesian skreiv om kvinnerollene i dataspel fekk ho blant anna gjentatte truslar om valdtekt.

LES OGSÅ: Spelejenter i sommarsol