Slik blir statsbudsjettet

Finansministeren held igjen på pengebruken. Men det blir meir pengar til vegar, jernbane og fleire lærarar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ved å halda igjen på oljepengebruken tryggjar me arbeidsplassane i konkurranseutsette føretak, seier finansminister Sigbjørn Johnsen i ei pressemelding.

Sysselsetjinga har vakse raskare enn venta, og arbeidsløysa er låg. Kontrasten er stor til situasjonen for dei fleste av våre handelspartnarar, påpeikar han.

Mindre enn handlingsregelen
Regjeringa legg opp til å bruka vel 125 milliardar frå oljefondet. Dette er 3,3 prosent av den totale verdien fondet og 26 milliardar mindre enn handlingsregelen, som i dag legg opp til 4 prosent avkastning.

– No er det ikkje tid for å tråkka på gasspedalen. Me legg vekt på at budsjettet for 2013 ikkje må bidra til pressproblem i norsk økonomi. Det vil gje fare for at veksten i lønningar og bustad- og eigedomsprisar skyt ytterlegare fart og gjere det endå vanskelegare for konkurranseutsett sektor. Ved å halde orden i økonomien har me lagt til rette for nye arbeidsplassar og halde arbeidsløysa låg. Sidan 2005 er det skapt om lag 340.000 nye arbeidsplassar, og to av tre har kome i privat sektor, seier finansministeren.

Fleire, blant andre Unge Venstre, har ønskt ein handlingsregel på berre 3 prosent av den samla verdien av Statens pensjonsfond – Utland (oljefondet). Regjeringa legg opp til å bruka nær tolv milliardar meir enn dette.

– Ikkje rom for store satsingar i kommunane
Regjeringa legg opp til ein reell vekst i kommunesektorens inntekter på 6,8 milliardar kroner. Det tilsvarar 1,8 prosent. Av den samla veksten er 5 milliardar kroner auka frie inntekter.

Interesseorganisasjonen for alle kommunane, KS, er nøgde med ha fått viktige gjennomslag.

– Me er glade for at Regjeringa held det den har lova, men dette er også heilt nødvendig for å halda på tenestenivået, seier styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS.

Dei ekstra 5 milliardane som kommunane får, tilsvarer dei auka kostnadene som kommunesektoren får på grunn av endringar i samansetninga av befolkninga, auka pensjonskostnader og andre kostnader som aukar automatisk.

Helgesen strekar under at budsjettet ikkje gir rom for store nye satsingar i kommunesektoren.

Meir til veg og bane
Her er nokre av dei viktigaste delane i statsbudsjettet:

• løyvingane til veg-, jarnbane- og kystformål under Nasjonal transportplan aukar med 3,4 milliardar kroner i 2013. Regjeringa bruker 1,5 milliardar kroner meir enn planlagt.

• foreslår at sjukehusa reelt skal få 1,95 milliardar kroner meir til drift.

• foreslår 1,4 milliardar kroner meir til forsking. Dette gjev ein samla realvekst på 32 prosent under denne Regjeringa. Det blir lagt til rette for 3.250 fleire studieplasser og bygging av 1.000 nye studentbustader. Grunnopplæringa skal styrkjast med 483 millionar kroner.

• styrkjer samfunntryggleiken og beredskapen. Nye redningshelikopter, auke løyvingane til IKT i politiet og tilsetjing av nyutdanna polititenestemenn, mellom anna.

• bistand får ei løyving tilsvarande 1 prosent av bruttonasjonalinntekt. Det gjev ein auke av bistandsbudsjettet på 2,4 milliardar kroner.

• Kulturløftet om at 1 prosent av statsbudsjettet sitt utgifter skal gå til kulturformål innan 2014 i rute. Løyvingane som inngår i løftet aukar med 889 millionar kroner. Momskompensasjonen til frivilligheit aukar med vel 320 millionar kroner.

• held fram innsatsen for å forbetre og fornye offentleg sektor.

• held skatteløftet, slik at skattenivået enno er på 2004-nivå.

• reduserer insentiva til å plassera pengar i eigedom ved å auke likningsverdiane av næringseigedom og sekundærbustad frå 40 til 50 prosent av marknadsverdi.

• aukar botnfrådraget i formueskatten frå 750.000 kroner til 870.000 kroner. Dermed vil 50.000 færre betale formueskatt i 2013.

• sektoravgifter og overprisa gebyr blir redusert med om lag 565 millionar kroner, mellom anna tinglysningsgebyret.

Framtida.no følgjer statsbudsjettet utover dagen. Hald deg orientert ved å gå til temasida for statsbudsjettet!


Sjå heile budsjettet her!