Slik blir satsinga på realfag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye og betre undervisingsmetodar, tidlegare start med algebra og systematisk realfagsjobbing i alle barnehagar er kunnskapsministerens formel for å få norsk skule ut av realfagskrisa.

Onsdag presenterte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sin lenge varsla realfagsstrategi på Teknisk museum i Oslo.

Og strategien «Tett på realfag – nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringa (2015-2019)» kjem ikkje eitt minutt for tidleg, ifølgje statsråden. I nesten 15 år har matematikkresultata til norske elevar stått på staden kvil på eit lågt nivå, og det går feil veg: I år fekk avgangselevane i 10. klasse dei svakaste eksamensresultata nokosinne med eit snitt på 2-talet.

Blant hovudtiltaka i strategien til Isaksen er nye læreplanar og betre undervisingsmetodar, systematisk jobbing med matematikk i alle barnehagar og betre tilrettelegging både for dei høgast og dei lågast presterande elevane. Norske elevar skal også bli introdusert tidlegare for algebra.

LES OGSÅ: Naturfag på ein ny måte

Får skryt
Tekna rosar den nye realfagsstrategien til regjeringa, men ber kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) gjere det lettare for teknologar i oljesektoren til å melde overgang til skulen.

Tekna, som har meir enn 68.000 medlemmer med masterutdanning innanfor teknologi og naturfag, skryt av den nye realfagsstrategien til Isaksen, som blei lansert onsdag.

– Eg vil særleg framheve at han innfører koding som eit valfag, for vi har eit stort behov for folk som kan programmere og som vil jobbe med IT framover. Det er også veldig bra at han varslar ein tidlegare innsats i algebra. Algebra er så grunnleggjande for å forstå veldig mykje annan matematikk at her gjeld dess tidlegare, dess betre, seier president Lise Lyngsnes Randeberg i Tekna til NTB.

Ho likar godt at det blir satsa på læring gjennom fleire læringsarenaer.

LES OGSÅ: Vil lage mobilt vitenssenter

Ønskjer fleire teknologar i skulen
Tekna ber samtidig Isaksen gjere vegen inn i skulen enklare for teknologar.

– I dag får ein sivilingeniør beskjed om at han eller ho har for lite matematikk for å kome inn på Praktisk-Pedagogisk-Utdanning (PPU) med matte fordjuping. Vi veit at ein del av teknologane som etter kvart vil bli overflødige i oljesektoren, ønskjer å gå inn i undervisning. Då må dei ikkje møte hinder som å måtte bruke eit år for å ta opp ekstra fag for å kome inn, seier Lise Lyngsnes Randeberg.

Ho seier Tekna no kjem til å følgje nøye med på korleis strategien skal bli gjennomført.

Faktaboks

I fjor fekk 22,7 prosent av elevane som gjekk ut av ungdomsskulen karakteren 1 eller 2 i standpunkt i matematikk.
Denne delen har vore stabil dei siste åra. Samstundes fekk heile 42 prosent av 10. klassingane som kom opp i skriftleg eksamen i matematikk karakteren 1 eller 2 i år.