Naturfag på ein ny måte
Ved å jobbe som journalistar og skrive artiklar om naturfagtilknytte tema lærer elevane etterkvart både journalistikk og naturfag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg tok Bøbussen heim ein dag, då var det sju-åtte personar med, fortel Siv Eika.
– Bøbussen blir lite brukt. Det er bra å køyre buss, men er det for få som brukar han, spør Kristine Vreim.
Dei to og Magnhild Vikane lurer på om bussen kanskje bør gå andre ruter for å få fleire passasjerar. Dei vil rett og slett finne ut om Bøbussen fungerer som han skal.
Dei skal jobbe som journalistar, finne stoff om saka, intervjue, skrive ein artikkel og publisere han på nett. Og alt er ein del av naturfagundervisninga første året på Bø vidaregåande skule.
Les sakene til Bø vidaregåande på Miljojournalistene.origo.no!
Prosjekt miljøjournalistane
– Det var noko eg kom bort i i studietida, forklarar lærar Nina Bjerkeli.
Det er Klima- og forureiningsdirektoratet som har det overordna ansvaret for prosjektet miljøjournalistane. Bjerkeli legg også stor vekt på det skriftlege i vurderingane av arbeidet elevane gjer og det blir også eit samarbeid med norskfaget.