Skal jobbe for ungdom i Nepal

Innsamlingsaksjonen Operasjon Dagsverk går i år til Strømmestiftelsens utdanningsprosjekt for kastelause i Nepal.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Første november skal ungdomsskuleelevar og elevar i den vidaregåande skulen jobbe for samle inn pengar til Strømmestiftelsen.

– Vi er overlykkelege for å bli tildelt Operasjon Dagsverk 2012. Dette vil bety ufatteleg mykje for så mange unge jenter og gutar i Nepal, seier marknads- og kommunikasjonssjef i Strømmestiftelsen, Kristine Storesletten Sødal.

Programmet til Strømmestiftelsen skal gi 25.000 dalitungdommar ei eittårig utdanning, som inneber at dei lærer å lese og skrive og at dei vil få yrkesopplæring, så dei kan tene eigne pengar.

Dalit tyder dei undertrykte, og er nemninga på dei omkring 167 millionar menneska som i det indiske kastesystemet er stempla som kastelause.

Det er elevtinget i Oslo som har stemt fram kva pengane i årets innsamlingsaksjon skal gå til. (©NPK)