Satsar meir på unge og lokal kultur

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik blir kulturløftet

– Kultur skaper gode opplevingar og livskvalitet. Det skapar deltaking, meistring og innsikt. Difor legg regjeringa fram eit nytt Kulturløft med ei rekkje omfattande satsingar, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Statsminister Jens Stoltenberg, statsråd Liv Signe Navarsete, SV-leiar Audun Lysbakken og statsråd Hadia Tajik presenterte sundag Kulturløftet. Her trekkjer regjeringa opp hovudlinjene for den framtidige kulturpolitikken.

Sidan 2005 har Stoltenberg II-regjeringa lagt fram to tidlegare kulturløft, i 2005 og 2009.

– Me har dobla kulturbudsjettet. Det betyr fleire kulturopplevingar og høve for auka deltaking over heile landet. No vil me vidare. Med det neste store kulturløftet vil me satsa på den kulturelle grunnmuren, fleire kulturelle kraftsentra som kan utfordra kvarandre og kvalitetog talentutvikling, seier kulturminister Hadia Tajik

Meir lokalt
I Kulturløftets punkt om "Grunnmuren til kulturen" lovar regjeringa å betre samordninga mellom stat, fylke og kommune. Regjeringa vil òg setja i gang arbeidet med å utvikla ein nasjonal strategi for biblioteksektoren og styrkja formidlingsrolla til folkebiblioteka.

– Eit rikt og variert kulturtilbod er viktig for å skapa attraktive lokalsamfunn. Me ser frå resultata av dei føregåande kulturløfta at det no er behov for eit lokalt kulturløft. Vi treng ein jamnare geografisk fordeling av kulturmidlane og ein styrking av dei lokalet kulturinstitusjonane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

LES OGSÅ: – Alle må få tilbod om kulturskule

Kulturskule for alle
Regjeringa vil gjennom Kulturløftet leggje til rette for god tilgjenge til kulturopplevingar gjennom heile livet, blant anna ved å gjere kulturskoletimen til ei lovpålagt oppgåve.

– Kulturløftet har gjeve fire tusen nye born høve til å gå på kulturskulen. No skal me vidare. Til hausten vil alle få tilbod om ein gratis kulturskuletime og framover vil me gje statleg støtte til satsinga til kommunane på sosial utjamning og fagleg styrking av kulturskulen, seier Audun Lysbakken.

Faktaboks

 

Dette er noko av det regjeringa vil:
• Leggje til rette for fleirbruk i kulturbygg, bidra til gode øvingslokale, fleire regionale visningsarenaer og utvide musikkutstyrsordninga
• Utjamna geografisk fordeling av kulturmidlar
• Styrkja formidlingsrolla til biblioteka
• Styrkja arbeidet med dirigentutvikling
• Satsa vidare på Frifond
• Satsa vidare på frivilligheit gjennom forenkling
• Arbeida for å styrkja kulturskuletilbodet over heile landet
• Sikra ei solid og moderne pressestøtteordning
• Styrkja og utvikla talentprogram
• Gjera kulturskuletimen til ei lovpålagd oppgåve
• Leggja til rette for kvalitet og likeverdig innhald i kulturskulen.
• Styrkja innhald og organisering av den kulturelle skulesekken
• Sikra nynorsk og bokmål som likestilte språk
• Styrkja samisk kultur og språk mellom anna gjennom eit samisk filmsenter
• Styrkja formidlinga av folkemusikk, kyrkjemusikk, tradisjonsdans og tradisjonshandverk og leggja til rette for digital formidling av kulturarven

Les heile lista over tiltaka her!