Regjeringa vil pussa opp 1.000 skular
Dei raudgrøne set av 20 milliardar kroner til rehabilitering av 1.000 skulebygg i forslaget til neste års statsbudsjett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil pussa opp 1.000 skular
Pengane skal gjevast som rentekompensasjon til kommunane, seier næringsminister Trond Giske (Ap) til Stavanger Aftenblad.
– Dette er ein parallell til rentekompensasjonsordninga eg fekk på plass då eg var utdanningsminister i 2001. Det førte til at 1.300 skular blei nybygde eller rehabilitert. No er det nødvendig med ein ny runde, og regjeringa vil setja av 20 milliardar til ei tilsvarande rentekompensasjonsordning. På landsbasis betyr det at 1.000 skulebygg kan setjast i stand., seier Giske.
– Rehabilitering er langt meir enn innemiljø og ny kledning. Det handlar like mykje om å setja dei eldre skulane i stand til å driva moderne pedagogikk, seier Giske. (©NPK)