Sp kraftig ned i Sogn og Fjordane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kraftig ned i heimfylket

Senterpartiet er no nede i 15,1 prosent i heimfylket til partileiar Liv Signe Navarsete, viser målinga Respons har utført for Bergens Tidende og NRK. Partileiaren sit likevel litt tryggare no enn ho gjorde i vår. Med denne Sp-oppslutninga er Navarsete inne på Stortinget, men partiet skal berre eit par prosentpoeng ned før plassen er trua.

Høgre har stige frå 12,1 til 27,4 prosent sidan sist stortingsval. For Ap (28,0), SV (4,2), KrF (7,6) og Raudt (0,5) er det berre små endringar frå sist stortingsval, mens Frp har halvert oppslutninga si frå 15,8 prosent til 8 prosent. Venstre gjer eit hopp frå 3,3 til 6,4 prosent. (©NPK)

Usikker på kva du skal stemma? Prøv partitesten vår!