– Press skal alltid løfte fram viktige saker som angår barn

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forrige veke vart Øystein Kolstad Kvalø valt som ny leiar i Press, ungdomsorganisasjonen til Redd Barna. Bodøværingen brenn for rettane til asylbarn og for unge si psykiske helse.

– Gratulerer med vervet! Korleis er det å bli valt?

– Tusen takk for det! Det er veldig stas, og eg trur ærefrykt er den beste måten å beskrive det på. Eg har stor respekt for tilliten eg har fått frå organisasjonen.

Ein sterk organisasjon
– Kva vil Press merka av skilnad med deg som leiar?

– Press vil merke eit stort fokus på å bygge ein sterk organisasjon med fleire medlemar, sterkare lokallag og ein meir mangfaldig medlemsmasse. Vi skal framleis vere ein organisasjon som set dagsorden i viktige saker som angår barns rettar, men det kan vi ikkje gjere utan ein sterk organisasjon.

– Kvifor er det bruk for Press?

– Det er bruk for Press fordi vi treng nokon som kan vere stemma til barn og unge i samfunnet. Både norsk og internasjonal politikk er barnefiendtleg på mange område, og det kan vi ikkje godta.

Kvalø trekk fram behova for ungdom med nedsett funksjonsevne, barnesoldatar, asylborn som lev eit liv på vent, og at éin av ti unge slit med psykiske helseplager.

– Press skal alltid løfte fram viktige saker som angår barn.

Asylbarn og psykisk helse
– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Eg har alltid hatt gode førebilete, blant anna med ei søster som har vore leiar i Press (Kirsten Kolstad Kvalø, leiar frå 2008-10). Eg har også ei særs sterk rettferdskjensle, og vert forbanna når menneske, særskild barn, ikkje får rettane sine oppfylt.

– Kva er hjartesakene dine?

– Eg har mange saker eg bryr meg om, men om eg skal peike ut to må det nok vere asylbarns rettar, særleg mellombels opphald, og psykisk helse blant unge. Dårleg psykisk helse rammar så utruleg mange unge, mens asylbarn er den gruppa som er hardast utsett for systematisk diskriminering gjennom norsk politikk.

Representerer alle barn og unge
– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Eg trur samfunnspolitiske organisasjonar som Press er nokre av dei viktigaste kanalane for å få fram meiningane til desse ungdommane. Ein må også sørge for meiningsfull deltaking når ein inkluderer ungdom i politiske prosessar, der eit viktig prinsipp er å inkludere ungdom som er representativ for heile gruppa.

LES OGSÅ: Ein solbrun og skitten reklamebransje


Faktaboks

Øystein Kolstad Kvalø

Alder: 20

Kvar er du frå: Bodø

Skule: Bodø Vidaregåande Skule

Favorittfag: Rettsvitskap

Andre medlemskap: Changemaker, Natur og Ungdom, Spire