Optimistisk på klimakonferanse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Eg er sterkare i trua enn nokonsinne på grunn av det som har skjedd dei siste 15 åra, sa Enova-direktør Nils Kristian Nakstad då han innleia Enovakonferansen i dag.

Enova vart etablert av Stortinget i 2001, med føremål om å drive fram ei miljøvenleg omegging av energibruk og -produksjon. Enovakonferansen marknadsfører seg sjølv som den viktigaste møteplassen i Noreg for dei som er opptekne av å utvikle og etablere energi- og klimavenlege løysingar.

Dei store skifta
Hovudtema for konferansen “Det grønne gullet” er dei store skifta, innovasjon, knutepunkt og teknologiutvinning.

 

Konferansen tek utgangspunkt i at vekst og velstand ikkje kan verte tufta på bruk av energi som gir store klimagassutslepp. Direktør Nakstad opna altså konferansen med å hevde at det er grunn til optimisme.

– For 15 år sidan såg vi ikkje føre oss passiv- og plusshus. Vi såg ikkje føre oss 400 000 varmepumper og alle el-bilane. Vi såg ikkje føre oss kor opptekne vi ville vere av klimautfordringa. Vi greide ikkje å sjå føre oss alt dette. No må vi våge å tenkje dei lange tankane att, sa Nakstad, ifølgje konferansens nettsider.

LES OGSÅ: Iskanten har krope mot nord

Han fortalde òg om sine visjonar for framtida.

– I 2030 vert varer prisa etter berekraft. Norsk klimateknologi er i bruk ute i verd, og u-land vert forsynt med fornybar elektrisitet. I dette biletet skal Noreg vere eit lysande døme på kva som er mogleg.

Nakstad var oppteken av at Noreg må halde fram med å kutte utslepp i transportsektoren, og bruke dagens teknologi til å gjere byggsektoren og industrien meir energieffektiv og klimavenleg. Vi må også ta i bruk enerikjelder som bioenergi og hydrogen, uttala Enova-sjefen.

Framleis utfordringar
Samstundes vart det understreka at vegen til eit grønt og berekraftig samfunn framleis er langt.

– Utsleppa har auka i Noreg sidan 2015, og det er ei rekkje barrierar vi skal over. Men vi skal kutte utsleppa med 40 prosent innan 2030 og med 85 prosent innan 2050. Då må vi nytte meir fornybar energi og få i gong ei storstilt elekrifisering av samfunnet, sa Nakstad.

LES OGSÅ: Det går sakte med oljekuttet