Olin inspirerer SV til ny asylkamp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha omkamp etter denne filmen

– Uvisse er det ungdom i den alderen treng minst av alt, seier Aksel Hagen, innvandringspolitisk talsperson for SV, til NTB.

I forslaget til nytt arbeidsprogram som vert lagt fram torsdag neste veke, går partiet inn for omkamp om dei kontroversielle innstrammingane i asylpolitikken som regjeringa vedtok i 2008.

– SV kjempar for ein human og solidarisk asylpolitikk, og meiner at ordninga med mellombelse løyver ikkje er i tråd med det, seier Hagen.

LES OGSÅ: – Vil løfte fram stemmer som ikkje blir høyrde

– Egoistisk tiltak
SV tok dissens i statsråd og sette seg imot åtte av dei 13 punkta i innstrammingsplanen, mellom anna vedtaket om at einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 16 og 18 år berre skal ha rett til avgrensa opphaldsløyver utan rett til fornying. Ungdommane skal returnerast til opphavslandet når dei fyller 18 år.

– Ideen var at dette punktet skulle skremme unge menneske frå å søkje tilhald i Noreg. Problemet er at dei vert drivne til andre land i staden. Dette er rett og slett eit egoistisk tiltak som må fjernast, seier Hagen.

Sjølv om færre einslege mindreårige asylsøkjarar har kome til Noreg etter 2009, er talet på barn som kjem åleine til Europa om lag like høgt som før, hevdar Hagen.

– Ordninga har svært alvorlege konsekvensar for barna. Asylmottak og hjelpeinstansar rapporterer at mange lever under fattigdomsgrensa og at mange er feilernærte. dei veit at dei på 18-årsdagen må avbryte helsehjelp og reise frå både skulen og det sosiale miljøet dei har etablert seg i, seier Hagen.

Leiaren i Stortingets kommunal- og forvaltningskomité seier han har god tru på gjennomslag i regjeringa, sjølv om SV tapte denne kampen førre gongen.

LES OGSÅ: Vann dokumentarpris

Gjennomslag
– Margreth Olin og alle andre gode krefter vil få opinionen til å snu. Eg er optimist og trur vi vil vinne fram, seier Hagen.

Komiteen han leier handsamar i desse dagar stortingsmeldinga om barn på flukt. Meldinga slår fast at utlendingsmyndigheitene i større grad skal sjå på kva barna treng i vurderinga av asylsøknader. SV stiller seg bak dette, og har denne formulering i innstillinga til nytt arbeidsprogram:

– SV vil at tilrådingane frå FNs høgkommissær for flyktningar og prinsippet om det beste for barna vert styrande for ein ny asylpolitikk som er rettssikker, rettferdig og solidarisk.

Ein reknar med at rundt 400 barn er ulovleg i Noreg. Dei har, saman med foreldra, fått endeleg avslag på asylsøknaden.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

– Vi må kunne vente at bodskapen frå regjeringa og Stortinget bidreg til at utlendingsmyndigheitene legg alle slike saker på is og lar dei få ei ny handsaming, sa Geir Bekkevold (KrF) til NTB førre veke.

Han får full støtte frå Aksel Hagen (SV), som meiner Utlendingsdirektoratet må gi alle i denne gruppa ei ny, individuell handsaming av asylsøknaden.

– Når eit forvaltningsorgan tek sjølvkritikk, må vi vente at det går gjennom sakene på nytt, seier han. (©NPK)

Kva meiner du at styresmaktene bør gjera i saka med dei einslege mindreårige asylsøkjarane?