Nordmenn søv dårlegare

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag kom Folkehelseinstituttets nye helserapport. Folkehelserapporten kjem kvart fjerde år, og oppsummerer helsestatusen i Noreg.

Årets rapport syner mellom anna at mange nordmenn har søvnproblem, men at vi lever lenger enn før.

Fleire overvektige
Eit av funna i rapporten er at eitt av seks born har overvekt eller fedme. Førekomsten ser ut til å ha stabilisert seg etter fleire år med auke.

Rapporten frå Folkehelseinstituttet syner òg at ein av fem ungdomsskuleelvar er overvektige. På vidaregåande skule er ein av fire ungdommar overvektige.

I tillegg kjem det fram at ein av fem vaksne har fedme. På under 15 år har førekomsten av fedme mellom menn i alderen 30– 69 år meir enn dobla seg med ein auke frå 10 til 21 prosent. Mellom kvinner har førekomsten auka frå 11 til 18 prosent.

LES OGSÅ: Røykelova vert strengare

Førekomsten av overvekt er 50 prosent høgre mellom born på bygda enn mellom born i byane. Det same mønsteret gjeld for delen born med bukfedme.

Mange har søvproblem
Eit anna funn er at dei siste ti åra har stadig fleire nordmenn fått problem med søvnen. Ein av tre vaksne oppgjev at dei har søvnproblem, og fleire kvinner enn menn slit med å sova. Også ungdom søv altfor lite.

Undersøkinga syner at den hyppige bruken av elektroniske medium er ein særleg grunn for at barn og ungdom får for lite søvn. Ungdommar søv i gjennomsnitt to timer mindre på vekedagane enn det som er tilrådd.

På den andre sida, lever nordmenn lenger enn før. I 2013 var forventa levealder 83,6 år for kvinner og 79,9 år for menn i Noreg. For fire år sidan var forventa levealder høvesvis 82,3 og 78,3.

LES OGSÅ: Psykologar får ikkje sjukemelde

Forventa levealder aukar altså stadig, men ikkje fort nok til å nå målet om å vera mellom dei tre landa i verda med høgast levealder, viser tala frå Folkehelseinstituttet.

Norge har nemleg hatt ei dårlegare utvikling i forventa levealder enn til dømes Sverige.

Den forventa levealderen er framleis mykje høgare hjå kvinner enn hjå menn, men dei siste 20 åra har denne skilnaden vorte mindre. Folkehelseinstituttet meiner ei av årsakene til dette er at menn i større grad enn kvinner har endra livsstilsvanane sine når det gjeld til dømes røyking og kosthald.

Levealderen er høgast på Vestlandet og lågast i Finnmark, Østfold og Hedmark, medan Oslo dei siste åra har hatt ein markant vekst i forventa levealder, om enn med store skilnader mellom bydelane.

LES OGSÅ: Færre ungdommar rusar seg

Sju av ti vaksne er for lite aktive
I rapporten kjem det også fram at kun 30 prosent av vaksne i Noreg er så fysisk aktive som dei bør vere.

Helsedirektoratet tilrår at vaksne er moderat fysisk aktive i minst 150 minutt per veke. Det tyder å driva med aktivitetar som medfører raskare pust enn vanleg, til dømes ved rask gonge.

Ifølgje Folkehelserapporten 2014 følgjer 30 prosent av norske vaksne tilrådinga.

Vaksne nyttar i gjennomsnitt ni timer per dag på stillesitjing, og menn er i gjennomsnitt meir stillesitjande enn kvinner.

Mellom seksåringane i landet står det betre til. Om lag 90 prosent av desse er i fysisk aktivitet minst så mykje som tilrådd. 

LES OGSÅ: – Auka snusbruk bra for folkehelsa