NHO: – Noreg har ikkje plass til fleire svenskar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje plass til fleire svenskar

Avdelingsdirektør Dag Aarnes i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) fryktar at den høge innvandringa frå blant anna Sverige og Polen vil skubbe nordmenn ut av jobbmarknaden, fortel NRK.

– Utlendingsdirektoratet snakkar om 50.000 arbeidsinnvandrarar i året frå EØS-området og mellom 20.000 og 30.000 svenskar. I tillegg kjem det mellom 20.000 og 25.000 nye norske jobbsøknader kvart år. Dersom summen av dei tre, brutto opp mot 100.000 nye arbeidstakarar i året, vedvarer trur eg det er for mykje til at den norske arbeidsmarknaden klarer å handtere det på ein god måte. Faremomenta er at vi får kraftig auka arbeidsløyse og meir trygd i den norske befolkninga, seier Aarnes.

QUIZ: Er du god på svensk?

Han meiner andre land heller ikkje løyser sine arbeidsløyseproblem ved å bruke norsk arbeidsliv.

– Både Sverige, Polen og ein del andre land bør leggje større vekt på eigen arbeidsmarknad, og på å få ned arbeidsløysa i eige land. Noreg kan ikkje redde Sverige frå ungdomsarbeidsløysa, seier Aarnes, og påpeiker at Sverige spring frå det politiske ansvaret sitt ved å ikkje halde ungdomsarbeidsløysa nede. (©NPK)