Miljøpartiet kan bli større enn SV

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.12.2017 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er på veg opp i lokalpolitikken. Siste oppteljing viser at partiet vil stille lister i 235 kommunar, skriv Nationen. I 2011 hadde partiet lister i berre 55 kommunar.

LES OGSÅ: Dei grøne vil vinne kommunane

SV-fortid
Nasjonal talskvinne for MDG, Hilde Opoku, melde overgang frå SV i 2010, og er no kandidat til varaordførarposten i Trondheim. Ho trur partiet kan få så mange som 200 kommunestyrerepresentantar til hausten.

– I dag har vi 20 folkevalde i kommunane, seier Opoku.

SV har i dag 362 kommunestyrerepresentantar, og partiet stilte lister i 282 kommunar ved kommunevalet i 2011. SV fekk 4,1 prosent av stemmene.

LES OGSÅ: Vil ha 30 prosent nynorsk

Utfordrande kommuneval
Partisekretær i SV, Silje Schei Tveitdal, kan ikkje seie kor mange lister partiet har sikra seg å langt. Fristen for å levere inn listene går ut 31. mars.

– Eg har ikkje ei samla oversikt, men vi jobbar med å få på plass flest mogleg lister. Kommunevala har vore ein utfordring for oss, seier ho.

Tveitdal trur MDG kan bli ein utfordrar i dei minste kommunane.

– Men Arbeidarpartiet er framleis den største konkurrenten og der vi må hente veljarane våre, seier Tveitdal.

SV fekk 3 prosent på NRKs kommunevalgsmåling for mars. MDG fekk 2,7 prosent. (©NPK)