Dei grøne vil vinne kommunane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil vinne kommunane

– Målet er å kome inn i over 200 kommunestyre, seier Rasmus Hansson, den einaste stortingsrepresentanten til MDG, til Nationen. I dag har Miljøpartiet Dei Grøne ein fot innanfor i 17 kommunestyre og eitt fylkesting.

Til helga er det landsmøte i partiet. Då skal medlemmene motiverast for tre store oppgåver: å gjere eit godt kommuneval i 2015, kome over sperregrensa i 2017 og byggje opp MDG til eit mellomstort parti slik det er i mange andre land.

– Mitt aller største mål er å få folk opp og fram fort. Derfor blir kommunevalet så viktig. Vi må få trena opp flest mogleg talent slik at dei kan rase forbi meg ved neste stortingsval, seier Rasmus Hansson til Nationen.

Dersom dei yngste veljarane hadde fått bestemme ved førre val, hadde Miljøpartiet Dei Grøne fått fleire folk på Stortinget. 4 prosent av førstegongsveljarane stemte i fjor på MDG, viser Valgundersøkelsen 2013. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om Miljøpartiet Dei Grøne?