– Meir enn berre ein bokstav

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I første rekkje ønskjer studentparlamentet at studentane ved HiST (Høgskolen i Sør-Trøndelag) skal få automatisk grunngjeving av karakterar ved stryk, bachelor- og masteroppgåve og emne over 15 studiepoeng.

– Vi studentar utleverer oss valdsamt ved eksamen og innleveringar, det er jo tross alt det vi jobbar med heile semesteret. Difor er det eit rimeleg krav at kvar karakter bør ha ei grunngjeving, arbeidet vi gjer er verdt meir enn berre ein bokstav, seier leiar Gina Helstad i Studentparlamentet ved HiST.

Fleire ønskjer grunngjeving

Helstad er klar over at studentparlamentet siktar høgt med dette kravet og at leiinga vil sjå på det som urimeleg. Å måtte skrive obligatoriske grunngjevingar vil føre til mykje meir arbeid og er meir ressurskrevjande enn dagens ordning der studentane må søke om grunngjeving. Likevel peikar Helstad på den prinsipielle viktigheita av å få god tilbakemelding og grunngjeving på arbeidet studentane gjer.

– Det har vore ei drastisk auke på studentar som ønskjer tilbakemelding på karakterar dei siste året. Slik ordninga er i dag fører dette til mykje ekstraarbeid for sensor, som må finne tilbake til svaret og gå igjennom ho på nytt ved ønske om grunngjeving. Å slå saman vurdering og tilbakemelding vil gjere denne prosessen meir effektiv, seier Helstad.  

Studiedirektør Gunnar Bendheim ved HiST er godt kjent med saka og er einig i at ordninga kunne vore meir effektiv enn det den er i dag. Han meiner likevel forslaget til studentparlamentet er urealistisk og at sensorvegleiinga og løysningsforslaga studentane får i dag er eit godt nok grunnlag for å forstå karakterane.

– Ordninga er allereie ressurskrevjande slik den er i dag. Å innføre samtidig grunngjeving vil berre føre til endå meir arbeid. Vi vil sjå på forslaget som eit innspel i ein pågåande vurdering av HiST sine forskrifter om eksamen, men per i dag ser eg ingen opne dører for dette nye forslaget, seier Bendheim.

Ei papirmølle utan like

– I dag er eksamensordninga ei papirmølle utan like, vi er klar over at det ikkje stiller ønsket om samtidig grunngjeving i eit godt lys. Difor trur eg ei digitalisering av eksamen kan føre oss nærmare målet, seier Helstad.

Bendheim er einig i at det er lettare å stille seg open til kravet om det vert mindre papir.

– Om ein i framtida innfører digitalisert eksamen er det kanskje meir realistisk å vurdere obligatorisk grunngjeving. Men eg kan ikkje seie noko om når dette kan bli gjennomført, ein vil uansett ikkje sjå ei innføring av ordninga til vårens eksamen, seier han.

Pilotprosjekt ved UiO

Universitetet i Oslo gjennomførte våren 2010 eit pilotprosjekt der det vart gitt obligatoriske tilbakemeldingar på utvalte eksamenar. Seniorkonsulent Joakim Dyrnes ved SV-fakultetet erfarte at det berre var 15-20% av studentane som kom for å hente grunngjevinga si ved instituttet. Av den grunn vart det avgjort at prosjektet ikkje skulle vidareførast.

– Med så låg oppslutning kunne ikkje arbeidsmengda bak ein kvar tilbakemelding rettferdiggjerast, seier han.

Ei anna utfordring var å finne eit system som fungerte for alle sensorane. Kor nøye grunngjevinga var, varierte frå sensor til sensor. Alt frå avkryssingsskjema til fullstendige heilskapssyn vart nytta.

– Om dette skal gjennomførast er det viktig å finne ei felles form som alle kan vere einige om, seier Dyrnes.

Han meiner at oppfatninga om at det er eit stort ønske blant studentane om å få ein grunngjeving på eksamenskarakteren ikkje nødvendigvis er heilt reelt.

– Dei som ønskjer tilbakemelding blir veldig synlege samanlikna med dei som ikkje bryr seg, seier han.

Les saka i Dusken.no!